Hopp til innhold

Lasteskip av grunn for eiga maskin – vart slept til Florø for undersøking

Lasteskipet «Falkbris» som i natt gjekk på grunn i Frøysjøen, klarte i kveld å kome seg av grunn for eiga maskin.

Forsøk på å trekke lasteskipet «Falkbris» av grunn

SJÅ BERGINGSFORSØKET: Bergingsarbeidet av «Falkbris» vart utsett etter at slepebåtane Delfi og Polaris måtte avbryte. Tysdag kveld kom skipet seg av grunn.

– Mannskapet har flytta på last om bord, og på stigande sjø kom det av grunn, seier vaktleiar Silje Berger i Kystverket.

Tidlegare i dag måtte bergingsarbeidet avbrytast etter at ein av sleparane rauk.

Skipet er lasta med sand og steinmateriale, og etter å flytta noko av lasta lenger bak i skipet kom båten altså av grunn. Den vart slept til Florø der dei var framme ved 22.30-tida tysdag kveld.

Det er førebels ikkje klart kor store skadar skipet har fått i samanstøyten.

– Det vi veit er at det har vore vassinntrenging i ein ballasttank forut. Lasteskipet vert no slept til Florø for nærare undersøkingar og Sjøfartsdirektoratet vil følge opp saka, seier Berger.

Sju personar i båten

Det var i natt Redningsselskapet rykte ut etter at det Stavanger-registrerte lasteskipet «Falkbris» gjekk på grunn.

Hendinga skjedde ved Olaskjæret i Bremanger, mellom Florø og Måløy i Vestland, om lag 23.30.

Det var sju personar om bord. Ingen av dei vart skadde i hendinga.

Skip som har grunnstøtt utenfor Kalvåg

Skipet gjekk på grunn ved Olaskjæret i Frøysjøen i Bremanger.

Foto: Redningsselskapet

Kystvakta og redningsskøyta «Bergen Kreds» var på staden for å hjelpe. På grunn av dårleg vêr blei redningsarbeidet utsett til om lag klokka 10.30.

– Dette arbeidet er i gang, sa Markus Plementas, kommunikasjonsrådgjevar i Redningssentralen til NRK klokka 11.00.

Vil ha tilsyn av båten

Hovudredningssentralen blei også varsla om hendinga i natt og sende ei redningsskøyte.

Ingen personar vart skadde då eit lasteskip gjekk på grunn i Frøysjøen utanfor Kalvåg i Bremanger seint måndag kveld.

Ingen personar vart skadde då eit lasteskip gjekk på grunn i Frøysjøen i Bremanger seint måndag kveld.

– Alle om bord i båten hadde det greitt og sov difor der i natt. Det var aldri fare for liv og helse, sa redningsleiar Torgeir Espedal til NRK.

«KV Sortland» var på plass. Det same var slepebåtane «Polaris» og «Nordmand Sigma».

– Det blir ein omfattande operasjon, sidan det er ein over 80 meter lang båt, sa Espedal.

«RS Bergen Kreds» var også i nærleiken då slepearbeidet var i gang, i tilfelle det vart lekkasjar eller båten tok til å søkke.

Sjøfartsdirektoratet var orientert om hendinga.

– Frå vår side vil det verte aktuelt med eit tilsyn når skipet har komme til kai. Dessutan er reiarlaget pålagt å levere ein ulukkesrapport til oss innan 72 timar etter hendinga, seier Dag Inge Aarhus, kommunikasjonsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.

Bergingsarbeidet av «Falkbris» er utsett etter at slepebåtane Delfi og Polaris måtte avbryte.

Bergingsarbeidet av «Falkbris» vart utsett etter at slepebåtane Delfi og Polaris måtte avbryte.

Foto: Redningsselskapet

Håpa høgvatnet kunne bli løysinga

Politiet blei varsla om hendinga klokka 00.35 i natt.

– Vi har fått vite at det ikkje er nokon akutt fare, sa operasjonsleiar i Vest politidistrikt Helge Blindheim.

– Håpet er at høgvatnet kan få båten av grunn, la han til. Men først utpå kvelden kom skipet seg altså ut i rom sjø att.