NRK er blitt ringt opp av frustrerte bilistar i ferjekø på Laviksida som ventar i ei kø som er ifølgje tipsarane fleire kilometer lange.
Allereie i 18-tida var det lang kø på ferjekaia.
Fjord1 opplyser søndag kveld at det er lite dei kan gjere med trafikkutfordringane, dei føl oppsett ferjetabell for søndagar.
– Det inneber at siste halvtimesavgang gjekk klokka 20, og dermed blir sambandet mellom Lavik og Oppedal trafikkert berre av ei ferje. Selskapet kan ikkje sette inn den andre ferja då dei har brukt opp timane sine, opplyser vakthavande i selskapet.
KØ ALLEREIE I 18-TIDA: Køen på Lavik ferjekai på E39 var betydeleg allereie i 18-tida. Då var det oppimot ein times ventetid.
Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK