Hopp til innhold

Landets beste fitness-kropp

Tre år etter at ho byrja å trene styrke vann Siw Lisbeth Grov i helga NM i bodyfitness.

Siw Lisbeth Grov - NM bodyfitness

KROPP: Siw Lisbeth Grov (midten) under NM i Oslo laurdag.

Foto: Privat

– Heilt fantastisk. Dette var heilt rått og ubeskriveleg. Det er ein draum som har blitt verkeleg, seier 22-åringen frå Angedalen i Førde.

Håpa på finaleplass...

Ho hadde håpa på ein finaleplass og kanskje ein pallplassering i klassen for kvinner under 163 cm. Det skulle vise seg å vere ei forsiktig målsetjing.

– Eg vann norgesmeisterskapen i min klasse og vart i tillegg «over all»-vinnar.

Dermed danka Grov ut alle dei 32 kvinnelege deltakarane fordelt på tre klassar.

– Det var heilt fantasisk å stå på scenen. Når ein har jobba så tungt i ein lang periode, og så står ein på scena og fått gull og veit at min kropp var den beste som stod her i dag. Det er alt eg har jobba, seier den nybakte norgesmeisteren til NRK.

Artikkelen held fram.

NM i bodyfitness 2010

MUSKLAR: Deltakarane i årets NM i bodyfitness.

Foto: Privat

Diett og tre økter dagleg

Sunnfjordingen som ruvar 156 cm på strømpelesten er til dagleg busett på Lillestrøm. Sidan slutten av juli har det mest handla om å førebu seg til NM (Oslo Grand Prix) som gjekk av stabelen på revyscena Chateau Neuf i Oslo laurdag kveld.

– Det har vore ein knallhard diett, og ekstremt mykje trening. To-tre økter for dagen, og kylling, tunfisk, egg, og brokkoli, seier Grov som var på si første styrketrening så seint som sommaren 2007. Sidan november i fjor har ho satsa seriøst på idretten.

Kroppen må kvile

Om tre veker ventar nordisk meisterskap i Finland. Deretter skal kroppen få kvile.

– Eg må ha eit års pause. Kroppen toler ikkje denne belastninga i lengda. Så får ein sjå om det kanskje blir EM eller VM.

Men aller først skal søndagen brukast til å slappe av og spise godt.

– Så er det tilbake på diett måndag, seier den viljesterke 22-åringen.

Artikkelen held fram.

Siw Lisbeth Grov på NM-pallen

PÅ PALLEN: Siw Lisbeth Grov under premieseremonien etter norgesmeisterskapen.

Foto: Privat

– Det handlar om viljestyrke

Ho fortel at det heile for hennar del har handla om staheit, viljestyrke, vere streng med seg sjølv, vite kva og når ein skal spise og gjere det ein skal gjere når ein er på trening.

– Det har eg gjort heile vegen, og det har gitt resultat.

Når Grov går på diett ser treningsopplegget slik ut: Kondisjonstrening ein time om morgonen, 1-2 timar styrketrening om kvelden, og kanskje ei kondisjonsøkt etter dette igjen.