Hopp til innhold

«Eg vart nervøs. Ville veldig gjerne at denne laksen skulle komme inn»

Allereie andre dag av laksefisket i Stryneelva landa Ole Fredrik Skulstad ein laks på over 20 kilo.

Ole Fredrik Skulstad landa laksen på 20,26 kg. Rune Jensen t.h var medhjelpar

MED STORLAKSEN: Ole Fredrik Skulstad landa laksen på 20,26 kg. Rune Jensen (t.h.) var medhjelpar.

Foto: Privat

Rune Jensen med laksen på 20,26 kilo

SVÆR: Rune Jensen med storlaksen som vart landa i Stryneelva.

Foto: Privat

– Eg har fått laks på 20,6 kilo før. Men dette er den største eg har landa saman med ein kamerat, seier Ole Fredrik Skulstad.

Saman med kameraten Rune Jensen fekk bergensaren ein flying start på laksefisket då Stryneelva opna natt til fredag:

Allereie etter ein halvtime beit ein stor laks på makken, men sleppte. Det skulle derimot gå langt betre neste gong storlaksen beit.

Rodde motstraums opp elva

– Ein tidlegare grunneigar fortalde at storlaksen gjerne sleppte seg ned i Monellhølen. Så dagen etter bestemte vi oss for å ro ned med båt. Og det gjekk ikkje lange tida før det kom eit stor plask bak den eine wobbleren, seier Skulstad.

Det var truleg den same laksen som var på kroken dagen før. Denne gongen var han mektig irritert.

Så bestemte fiskarane seg for å ro motstraums oppover elva ...

– Tilbake ved Monellhølen small han på. Eg vart nervøs, for eg ville så gjerne at denne skulle kome inn, fortel Skulstad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Landa laks på 20,26 kilo i Stryn

SKIKKELEG RUGG: Laksen viste seg å vere på heile 20,26 kilo.

Foto: Privat

Laksen vog heile 20,26 kilo

Storlaksen gjekk deretter rett motstraums, og saman med Jensen bytte Skulstad på å køyre ruggen etter alle kunstens reglar.

Til slutt fekk dei landa laksen. Han viste seg å vere på 20,26 kilo.

– Kva skal de bruke laksen til?

– Vi tenkjer å røykje han. Kanskje blir han julemat, seier Skulstad.