Hopp til innhold

Lærdøl byr ny og usminka viserock

Artisten Erik Sognnes syng om det djupaste indre og vrir sjela si i ny musikk. Med det håpar han at andre kan finne vegen heim.

Eirik Sognnes

ALDRI KOMME HEIM: Erik Sognnes skriv om einsemd og lengsel etter å føle seg heime.

Foto: Pressefoto

Heim heiter det nye singekonseptet til 27-åringen, men låtene handlar ikkje om eit hus med fire vegger.

– Eg tykkjer det er viktig med ein heim i oss sjølv med tanke på kven ein er, og kva ein skal utrette. Mange ser på heimen som noko geografisk, men heime må ein finne i seg sjølv. Kongen sa det så fint, for heime er der hjartet vårt er.

Gjennom musikken vil Sognnes prøve å sette ord og musikk på det å aldri komme heim.

– Eg har kjent på dette sjølv. Kjensla av einsemd. Stå utanfor noko. Eg er oppteken av dei som står utanfor i samfunnet i dag. Kanskje minoritetane i minoriteten.

Før helga slapp 27-åringen låten «Fri meg». Ei låt om å stå fast i livet og til slutt finne svar. I tekstane er han ikkje redd for å by på seg sjølv.

– Eg vrir sjela mi. Det er mykje sårt og nært, seier han.

– Trongt å vekse opp på små stader

Sognnes vaks opp i Lærdal. Heimstaden har sine gode og mindre gode sider, meiner han.

– Eg trur alle kan kjenne seg att i at det kan vere trongt å vekse opp på små stader. Ein kan føle at det både er trongt og lite rom for å vere annleis.

Med seg på singelkonseptet har han med seg fleire frå Lærdal, og det er nettopp folka på heimstaden som vekker gode kjensler for Sognnes.

– Foreldra mine, vener, luktene og alt det gode som skjer er godt. Alle folka eg er stolte av.

Musikk som terapi

Heilt sidan han var liten gut har målet vore å stå på ei scene og gje ut musikk. Det er nettopp frå barndomen av Sognnes har henta mykje inspirasjon, noko han kan takke mora si for.

Eirik Sognnes

VIL SNAKKE TIL FOLK MED MUSIKKEN: Erik Sognnes vil at musikken hans skal treffe nokon som treng det.

Foto: Pressefoto

– Mamma er glad i Bjørn Eidsvåg. På 90-talet gav han ut plata «Alt du vil ha». Den har mamma spelt mykje, og eg er veldig glad i den. Periodevis snakka den til meg.

Neste låt kjem allereie i april. Sognnes håpar den nye musikken vil kunne treffe nokon.

– Eg har sjølv opplevd at ein song på radioen snakkar til meg, og fortel kven er eg. Det er mykje terapi i det. Eg vil skrive til dei som står utanfor eller som tykkjer at ting er komplisert. Det er krafta i ein song, seier han.