Stasjonen på nesten 1000 kvadratmeter vart bygd for 10 år sidan.
Statens vegvesen hadde bruk for heile bygget tidlegare. Men etter at produksjonsverksemda vart skilt ut til Mesta for tre år sidan, vart bygningen i største laget for vegvesenet sitt behov. Berre den mindre plasskrevjande vaktsentralen vart igjen i huset. Dei vil framleis vere leigetakarar i bygget.
Lærdal kommune har enno ikkje bestemt kva resten av arealet skal brukast til.