Hopp til innhold

Lærdal kan bli råka av streik

Lærdal er den kommunen i fylket som blir sterkast råka dersom det blir streik frå i morgon.

Lærdal rådhus

KAN BLI STREIKERÅKA: Lærdal rådhus.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Totalt kan 103 personar i fylket bli tekne ut i streik frå midnatt, det gjeld også tilsette i Førde, Jølster, Stryn og i fylkeskommunen.

I Lærdal kommune er det 37 kommunalt tilsette som streikar frå i morgon dersom meklinga mellom KS og Fagforbundet ikkje fører fram.

Tilsette i sentraladministrasjonen, kulturkontoret, Lærdalsøyri barnehage, pleie- og omsorg samt teknisk drift, er tekne ut i første pulje dersom det vert streik frå 24. mai.

(Artikkelen held fram under biletet).

Administrasjonen til Førde kommune

KAN BLI STREIKERÅKA: Kommuneadministrasjonen i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I Førde er det 28 tilsette som blir tekne ut i streik, dei fordeler seg på ei lang rekkje etatar. I Jølster er det sju tilsette, fem av dei på kommunehuset, ein på uteseksjonen og ein på Skei skule.

I Stryn er det 12 tilsette som ventar på beskjed om det blir streik eller ikkje. Det er merkantilt tilsette og nokre på bygningsvedlikehald. I fylkeskommunen er det 19 tilsette som er tekne ut.