Hopp til innhold

Lærdal bør spare 100 millionar

Lånegjelda til Lærdal kommune er så høg at økonomileiar Reidar Johnsen tilrår 100 millionar kroner i reduksjon.

Lærdal

LÅNEGJELD: Lærdal kommune bør kutte lånegjelda med 100 millionar kroner. Slik situasjonen no er, er kommunen veldig sårbar for ei eventuell renteauke.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Johnsen har ifølgje Sogn Avis laga eit notat til formannskapet, der han viser til ei lånegjeld på vel 241 millionar kroner.

Det er det same som driftsinntektene til kommunen, medan nøkkeltal og økonomiske måltal seier at lånegjelda ikkje bør vere meir enn 50–60 prosent av dei totale driftsinntektene.

– Dersom renta skulle stige med tre prosent, så har ikkje kommunen noko buffer til å dekkje denne stigninga med. Disposisjonsfondet er i røynda tomt, seier Johnsen til avisa.

Må leggje strategi

Økonomileiaren ser ikkje føre seg at kommunen kan kutte 100 millionar kroner over natta. Johnsen meiner kommunen må leggje ein strategi for korleis ein skal komme ned på ei tilrådd lånegjeld.

Ordførar Jan Geir Solheim er samd i at den høge lånegjelda er problematisk for kommunen.

– Ei tilleggsutfordring er at vi har dyr drift. Ikkje berre på grunn av lånegjelda, men på sjølve drifta i kommunen, seier han til Sogn Avis.