Lærarar i Bergen ikkje prioritert

Bergen kommune kjem ikkje til å gjera endringar i vaksinasjonsprogrammet for å prioritera lærarar. Helsebyråd Beate Husa (KrF) seier det ikkje er naudsynt, fordi alt tyder på at barnehage- og skuletilsette vil få første dose innan skulestart.