Hopp til innhold

Labert sommarvêr i fellesferien

Nedbør, skiftande vêr og låge temperaturar pregar vêret i store delar av landet når vi nærmar oss den andre helga i juli. Og det er ikkje mykje positivt i sikte til veka heller.

Både sol og regn over Jølstravatnet

SKIFTANDE: Både sol og regn over Jølstravatnet.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Berre fordi det er meir ustabilt ein del veker i juli treng ikkje å bety at sommaren er heilt øydelagt, sjølv om det er naturlegvis kjipt om ein har ferie akkurat i denne perioden, seier statsmeteorolog Magnus Ovhed.

Det ser ikkje ut til at ein kan vente seg sydenstemning i helga som kjem.

Plaskregn i Bremanger

PLASKREGN: I Bremanger plaskregnar det denne dagen.

Foto: Martine Røys Nesbakk

Turistvert i Bremanger kommune, Martine Røys Nesbakk seier at turistane syns det er synd at det vart slik vêr når dei kjem.

– Eg brukar å seie at det er litt av sjarmen med vestlandssommaren, og at dei får ei genuin oppleving av korleis lokalbefolkninga har det store delar av året.

Statsmeteorologen fortel at det vert skiftande og ustabilt vêr også denne helga.

– Det blir truleg ganske skiftande mange stader og relativt ustabil. Men når det er sagt blir det nokon god del solgløtt mange stader, særleg fyrst på dagen.

På kysten frå Trøndelag til Sørlandet blir det ein god del byer som trekk inn frå havet tidleg på dag som deretter trekkjer innover i landet, kor det vil byggje seg opp utover dagen. Dermed vil ein kunne oppleve ei lita stripe med sol på kysten frå ettermiddagen av.

Laster Twitter-innhold

Liten kuling på Sørlandet

– Aust på Sørlandet ser det faktisk rimeleg greitt ut. Derimot så er det ganske mykje vind på kysten.

Han fortel at det kan blåse heilt opp mot ein liten kuling vest på Sørlandet som vil spreie seg til austlege delar av Sørlandet.

– Om ein er på Sørlandet og skal ut på havet bør ein sjekke vêrvarselet før ein fer ut då det kan bli ein del vind.

– Ser meldingane annleis ut i neste veke?

– Det blir framleis ein relativ vekslande periode med lågtrykk som passerer forbi landet og snur rundt. Det blir periodar med regnbyer og periodar med sol.

Men ein treng kanskje ikkje å avskrive meir sommarvêr heilt endå ...

– Det er vanskeleg å toppe periodar med 25–30 grader og solskin men man skal ikkje sjå bort ifrå at det kan komme ein sånn periode seinare.