Hopp til innhold

Ferje vart teken ut av drift medan ferjekøa vaks

I samsvar med rutetabellane vart den eine av to ferjer på sambandet Lavik–Oppedal teken ut av ruta. Samstundes fortvila bilistane over lang ventetid på Lavik.

Kø på Lavik

LANG VENTETID: Bilistar vart frustrerte vitne til at den eine av to ferjer klappa til kai ved Lavik. Samstundes vaks både køen og irritasjonen hos dei reisande over den lange ventetida.

Foto: Ronny Vårdal

Bergensturen som Pål Nyttingnes frå Nordfjordeid la ut på søndag ettermiddag, skulle vise seg å bli meir langdregen enn planlagt.

For på Lavik stod køen langt ut av kaiområdet, og også godt utover kvelden var ventetida lang. Mindre provoserande vart det ikkje då den eine av dei to ferjene på sambandet klappa til kai klokka 22.

– Det blir for dumt når Fjord1 legg den eine ferja til kai, samstundes som at køen av bilar strekkjer seg langt ut frå kaiområdet, seier Nyttingnes.

– Må akseptere litt, men ...

Nyttingnes var mellom mange bilistar som måtte vente lenge på å komme seg over Sognefjorden. For trafikken var langt større enn venta, og bilistane måtte smørje seg med tålmod.

Etter ruta trafikkerer to ferjer sambandet på dagtid, medan den eine ferja vert teken ut av drift klokka 22.

– Ein må akseptere litt kø, men det blir mykje frustrasjon når ferja legg til kai og ein blir ståande att over lang tid. Det hadde vore veldig greitt om ferjene berre gjekk og tok unna køen til den var vekke, seier Nyttingnes.

Venta i to timar

– Eg såg mange som hadde med seg småungar, og for dei må det ha vore rimeleg frustrerande å ikkje komme seg heim att, legg han til.

Kommersiell leiar i Fjord1, Tor Vidar Kittang, beklagar at ventetida vart så lang for dei reisande. Han seier trafikkmengda var uventa stor.

Enkelte måtte vente i to timar på å få komme med ferja. Kittang seier omsyn til mannskapet si kviletid var årsaka til at ferja vart teken ut av drift.

– Dei har gått så og så mange timar, så kan dei ikkje gå meir før dei har hatt ein lengre pause, seier han.

– Lite kan gjere

I samband med høgtider og store festivalhelgar kan Fjord1 gjere mindre justeringar av tabellen for å ta unna venta trafikkauke.

Kittang meiner det er lite anna Fjord1 kan gjere for å unngå liknande tilfelle i framtida.

– Det blir uansett mindre justeringar ein kan gjere som til dømes å flytte oppstartstidspunkt på ein søndag ein time. Større tiltak som går på kapasitet, fleire turar eller større båt, så er det saker vi må snakke med vegvesenet om, seier Kittang.

Har forståing

Samstundes viser han til at dei må halde seg til kontrakten dei har med Fjord1.

Kittang har forståing for at bilistar blir både sinte og frustrerte når dei opplever situasjonar som søndag.

– Vi har forståing for det, og det er sjølvsagt ikkje ein ynskt situasjon verken for oss eller trafikantar, seier han.