Hopp til innhold

Skulen i Kjølsdalen blir lagd ned

Kommunestyret i Eid vedtok torsdag kveld å leggje ned Kjølsdalen skule.

Sigurd Reksnes på talarstolen.

TALA MOT: Sigurd Reksnes (Sp) var fleire gongar på talarstolen for å kjempe for at skulen i Kjølsdalen ikkje vart lagt ned. Frå venstre ser vi rådmann Ørjan Raknes Forthun, ordførar Alfred Bjørlo og varaordførar Gunvald Ludvigsen (begge V).

Foto: Stig Høynes

Dermed blir dei 35 elevane flytta frå Kjølsdalen til skulen på Stårheim frå og med neste skuleår. Vedtaket vart fatta med 18 mot 11 røyster.

Seks representantar frå Senterpartiet, to frå Arbeidarpartiet og ein frå KrF, ein frå Høgre og ein frå Venstre røysta i mot framlegget. Arbeidarpartiet ville også ha inn som premiss at ein ser på skulestrukturen i heile kommunen.

– Eg er sjølvsagt skuffa over at det vart ein slik konklusjon. Det legg eg ikkje skjul på, seier Sigurd Reksnes (Sp).

– Nok ostehøvel

Det var knytt stor spenning til handsaminga torsdag kveld, og kring 15 frammøtte frå både Kjølsdalen og Stårheim følgde saka frå salen.

Ove Kjøllesdal

SKUFFA: Ove Kjøllesdal (i midten) har jobba for skulen i Kjølsdalen, men måtte innsjå at slaget var tapt.

Foto: Stig Høynes

Foreldra i Kjølsdalen håpa i det lengste på å overtyde politikarane om å ikkje leggje ned skulen. Både formannskapet og driftsutvalet i kommunen har tidlegare rådd til nedlegging av skulen.

– No har ein nådd enden når det gjeld ostehøvelkutt år for år i kvaliteten på skulen på skulane i Eid. No vil vi heller gjere denne type strukturgrep enn å halde fram å kutte på lærarstillingar i den enkelte skulen, seier ordførar Alfred Bjørlo (V).

Må byggjast ut

Fleirtalet meiner vedtaket gir ei tenleg løysing som gir begge bygdene god skule. Bjørlo seier elevane frå Kjølsdalen får sju kilometer lengre skuleveg. Dei som bur lengst ute i Kjølsdalen får 15 kilometer veg til skulen.

– Det er ikkje så store avstandar som andre stadar i fylket, der det gjerne også er rasfarleg veg. Det er to bygder som ligg veldig, veldig nærme kvarandre og det er god veg, seier han.

Stårheim skule vil måtte byggjast ut med to klasserom og fleire arbeidsplassar for lærarar for å huse dei 80–90 elevane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nokre av dei frammøtte som følgde saka frå salen.

INTERESSE: Nokre av dei frammøtte som følgde saka frå salen.

Foto: Stig Høynes

Prøvde å utsette

Reksnes gjorde framlegg om å utsette saka, for å få greidd nærare ut dei økonomiske følgjene dersom ein privatskule blir starta opp i Kjølsdalen.

Framlegget fall mot ti røyster. I Kjølsdalen blir det no vurdert å starte opp privatskule. Samanslåing av skulane er rekna å gi innsparing på 1,4 millionar kroner.

– Det viser vel at dette skulle gjennomførast koste kva det koste vil. Det har blitt argumentert med at større skule gir betre forhold for elevar og lærarar, og større fagmiljø. Når ein samstundes inviterer så sterkt til å etablere ein privatskule, så slår ein på ein måte beina under sin eigen argumentasjon, seier han.

– Endeleg vedtak

– No har eigentleg ikkje Eid kommune noko med om det blir etablert privatskule, men sidan det var lagt inn som premiss så meinte vi at det var noko vi måtte vite meir om. Det skaper litt uvisse om der er så stor innsparing som blir hevda, legg Reksnes til.

Fleirtalet meinte derimot at saka etter år med planar og høyringar, var komen til eit punkt der ei avgjerd måtte takast.

– Dette er eit endeleg vedtak frå kommunestyret, men vi vil også halde oss til initiativ frå dei som vurderer privatskule i Kjølsdalen. Dersom det er ynskje i bygda, så er vi innstilt på dialog om det, seier Bjørlo.

Blir ikkje klart

Reksnes er på si side usikker på om siste ord er sagt i saka.

Dersom alle dei 35 elevane kjem til Stårheim skule, meiner han kommunen er i tidsnaud med tanke på å få alt klart til neste skuleår.

– Det vil vise seg. Skulle det vise seg at det ikkje blir privatskule i Kjølsdalen, så får vi eit kjempeproblem. Vi må bygge ut Stårheim skule for å ta imot elevane, og alle veit at det ikkje er realistisk å ha klart til neste haust, avsluttar han.