Hopp til innhold

Vil leggje ned Kjølsdalen skule

Driftsutvalet på Eid vedtok i ettermiddag å leggje ned Kjølsdalen skule og flytte borna til Stårheim skule frå 1. august 2013. Samtidig opnar politikarane for at andre kan få kjøpe eller leige skulen for å satse på privatsatsing.

Kjølsdalen skule

KAN VERE SLUTT: 17. oktober skal kommunestyret i Eid bestemme seg for om Kjølsdalen skule vert nedlagd eller ikkje.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Venstre sitt forslag om å leggje ned Kjølsdalen skule fekk fleirtal med fem mot fire stemmer, opplyser utvalsleiar Jostein Huneide frå Høgre.

Kjølsdalen skule ligg i bygda Kjølsdalen i Eid kommune. I skuleåret 2012/2013 har skulen 38 elevar. Ein har samla elevane i tre grupper dette skuleåret.

Torsdag kveld var skulestrukturen i Eid oppe til politisk handsaming.

Ville samlokalisere

Venstre sine fire representantar og Høgres representant stemde for nedlegging, medan dei fire representantane til Sp, Ap og KrF samle seg om eit framlegg om å halde fram med dagens krinsgrenser i Kjølsdalen og Starheim.

Dei ønskte ei mogleg samlokalisering av Kjølsdalen skule og Reksnes barnehage, som er privat.

Saka skal vidare til kommunestyret 17. oktober for endeleg avgjerd.

Trur Høgre kan bli splitta

Dersom Venstre og Høgre sine representantar stemmer på same måte i kommunestyret, vil fleirtalet også der gå for nedlegging.

– Høgre blir nok kanskje litt splitta. Men eg trur at tre av oss fire går for det vi har vorte samde om no, seier Huneide.

Tidlegare denne veka fortalde foreldra i Kjølsdalen at dei fryktar at skulen deira skal bli ofra på det politiske alteret.

– Det blir rett og slett ei rasering av den gode skulen i Eid kommune, meinte FAU-leiar Ove Kjøllesdal.

Stiller spørsmål

Foreldreutvalet har vore klare på at dei vil kjempe for å halde på skulen sin, og dei tykkjer det er rart at dette no på nytt vert teke opp, all den tid Kjølsdalen vert rekna som ein kvalitetsmessig god skule.

– Eg meiner det er vikarierande motiv for å leggje ned skule, seier Kjøllesdal.