Havaristen «Naddoddur» er no komen inn til land etter den dramatiske kantringa i Stadhavet tysdag kveld, der ei kvinne i 20-åra omkom.
Det var svært krevjande forhold på sjøen, med signifikante bølgjehøgder på opptil fem meter.
Onsdag ettermiddag kom Naddoddur til hamn i Måløy.
Slik såg han ut etter store herjingar i Stadhavet.
Båten er om lag ni meter lang.
Båten «Naddoddur» er på 30 fot, noko som svarar til ni meter.
Den blei bygd etter vikingtradisjonar frå Færøyane og hadde opphavleg to master.
På færøysk blir båten kalla for «seksæringur».
Det var seks personar om bord i båten då den kantra. Fire av dei var frå Sveits, éin var frå Færøyane og éin var frå USA.
Politiet har oppretta undersøkingssak og har onsdag gjort to vitneavhøyr i saka. Så langt er ingen sikta.
Krevjande vêrforhold
– Det er krevjande, mørkt, avgrensa sikt og mykje sjø. Veldig krevjande arbeid, seier Per Børstad, maskinsjef om bord redningsskøyta «Idar Ulstein».
På grunn av motvind brukte redningsskøyta dobbelt så lang tid som normalt på å kome seg til ulukkesstaden.
Videoen frå «Idar Ulstein» viser forholda på Stadhavet tysdag kveld. Vêrforholda var svært krevjande, med vind på opptil 40 knop og bølgjer på fem meter.
Då hadde helikopter allereie plukka opp dei fem overlevande frå redningsflåten.
– Det var jo relativt rufsete og godt over tjue meter i kasta, med bølgehøgde på signifikante fem meter, så det var rufsete.
Maskinsjef på redningsskøyta «Idar Ulstein» fortel om svært krevjande forhold på sjøen tysdag kveld og natt til onsdag.
Foto: Arne Flatin / NRKVed vêrstasjonen på Kråkenes fyr var det målt vindkast nær 30 meter i sekundet.
Børstad fortel at dei brukte lyskastarar, men med mykje bølgjedalar var det vanskeleg å sjå noko på sjøen.
– Båten låg opp ned. Det er krevjande å finne så små ting ute på sjøen om natta.
Mykje vatn i den færøyske båten.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKSaman med eit offshoreskip og kystvaktskipet KV Bergen, søkte redningsskøyta etter båten og den siste personen som ikkje var gjort greie for. Det var kystvaktskipet KV Bergen som til slutt fann båten og kvinna.
Her blir Naddoddur slept til land av Kystvakta.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKBørstad seier dei hadde svært god støtte frå Hovudredningssentralen (HRS), som ut frå straum- og vindforhold rekna seg fram til kor «Naddoddur» var.
Må vere forsiktig med seglføringa
– Slik vêret var her i går så hadde eg ikkje villa vore utpå med ein slik type båt, seier Torfinn Kråkenes.
Han er erfaren på Stadhavet. I Kystkulturlaget har dei ein liknande båt av cirka tilsvarande storleik, som Kråkenes har segla mykje med.
Torfinn Kråkenes ute ved Kråkenes fyr. Han har sjølv erfaring med å segle i liknande type båt som Naddoddur.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKHan seier det er viktig å vere forsiktig med seglføringa når ein seglar med den type båt med råsegl.
– Eg har funne ut at dersom du får for mykje vind, så er det fort gjort at båten krengjer.
Kråkenes trur at båten hadde klart seg fint dersom vêret tysdag kveld hadde vore slik som det er onsdag.
– Korleis trur du dei hadde det der ute i går?
– Det kan ikkje ha vore noko kjekt. Det må ha vore utruleg stressande og ei trasig oppleving.
Minnestund på Færøyene onsdag
Onsdag var det minnestund på Tvøroyri på Færøyene, der ekspedisjonen starta. Det melde færøyske KVF.
Frå tidleg om morgonen onsdag samla det seg mange menneske i Naddoddaeystin på Tvøroyri, der det blei flagga på halv stong.
Redaktør og journalist John Johannessen i KVF seier til NRK at saka har fått stor merksemd på Færøyene og at folk er svært prega av ulykka.
Dette er frå naustet, kor båten «Naddoddur» høyrde heime og kor vikingekspedisjonen starta.
Foto: Sonne Smith / KVF– Sosiale medium kokte allereie over i går kveld, og mange visste om denne ekspedisjonen. Det har vore veldig stor interesse for saka.
Johannessen er i Florø og har hatt kontakt med dei fem som overlevde kantringa. Han seier dei har det fysisk bra.
– Men dei er sjølvsagt svært prega av det som har skjedd. Dei sørgjer over at dei har mista eit medlem i crewet og er i sjokk over situasjonen.
Har oppretta undersøkingssak
Onsdag ettermiddag opplyser vakthavande politijurist Arne Fjeldstad til NRK at politiet har oppretta undersøkingssak etter hendinga.
– Skipperen er enno ikkje avhøyrt. Per no er ingen sikta i saka, men det kan endre seg, seier Fjeldstad.
Til no er det gjort to vitneavhøyr i saka, men Fjeldstad kan ikkje seie noko meir om det.