Hopp til innhold

Kystfolket vakna til nysnø på bilen

Drosjesjåfør Kjell Magne Sandvik i Selje fekk nærast hakeslepp då han såg nysnø kvile over frontruta fredag morgon.

Snø på bilruta 1. juni.

SNØ: – Eg er godt over 50 år, men noko slikt har eg aldri opplevd før, seier Kjell Magne Sandvik frå Selje. Fredag morgon vakna han opp til nysnø på bilen.

Foto: Kjell Magne Jon Sandvik

Snølaget var ikkje verre enn at vindaugsviskarane kunne ta jobben, men likevel...

Vi skriv 1. juni – og for berre nokre dagar sidan vart det målt godt over 20 varmegrader.

– No har eg budd her i 27 år og aldri opplevd liknande. No låg det snø i vegkanten, og det var sludd og snø i lufta då eg kom heim att i titida, seier Sandvik og fortel han bur heilt ved fjæresteinane i Selje.

Brått omslag

Då hadde kvikksølvet stige frå to raude grader på morgonkvisten, til 5,6 varmegrader på temperaturmålaren.

– No ligg det eit cruiseskip utanfor Klostervågen, og turistane er på veg mot land i småbåtar. Dei har ikkje så veldig bra vêr dei heller ser det ut til, legg han til og fortel at han aldri har opplevd liknande start på juni.

– No var eg innover til Førde ein tur i helga og hadde 28 pluss på målaren i bilen. Så plutseleg kjem det snø igjen no, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.