Hopp til innhold

Eva må kvoterast ut for å få nok menn inn

SOGNDAL (NRK): Mange kommunar slit med å få nok kvinner med i lokalpolitikken, men i det nye formannskapet i Sogndal er «problemet» det motsette.

Karin Vikane, Eva Ramstad, Rita Navarsete

EI MÅ UT: For mange fyrstedamer på borgarleg side i Sogndals-politikken gjer at Eva Ramstad (i midten) ikkje får plass i formannskapet. Det får derimot Karin Vikane (H, t.v.) og Rita Navarsete (Frp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– I Sogndals-politikken er me heldige og har – i det borgarlege mindretalet – mange driftige og engasjerte kvinner, og denne gongen får me kjønnskvoteringa mot oss. Det trur eg er den fyrste gongen i historia, seier gruppeleiar Karin Vikane (H).

I Sogndal har skipinga av det nye formannskapet bydd på eit uvant «problem»: Høgre, Framstegspartiet og Venstre skulle nemleg ha fått inn kvar sin kvinnelege listetopp, men det har kvoteringsreglane sett ein stoppar for.

Venstre-Eva må vika

Grunnen er at borgarlege mindretalet (Frp, H og V) og det raudgrøngule fleirtalet (KrF, Sp, Ap, SV) gått saman om kvar si fellesliste til formannskapet. På ei slik fellesliste må det minst vera 40 prosent menn eller kvinner.

Dei raudgrøngule stiller med tre menn og tre kvinner (namna er ikkje offentleg kjende enno).

På borgarleg side må derimot fyrstekvinna til det minste av dei tre partia, Eva Ramstad i Venstre, vika plassen til partifellen Christen Knagenhjelm.

– Faktisk tok det litt tid før det gjekk opp for meg. Og som du kanskje veit, tek kjønnsskifte så lang tid at det ikkje gjekk, så då var det berre å finna seg i situasjonen, seier Ramstad med eit smil.

Karin Vikane, Rita Navarsete, Eva Ramstad

– KVOTERING ER FEIL: – Det er veldig synd for Ramstad (t.h.) at ikkje ho, som var fyrstekandidat og fekk flest stemmer i Venstre, skal få bli med i formannskapet, seier Rita Navarsete (Frp, midten), her saman med Karin Vikane (H)

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ikkje offer

– Eg likar ikkje ordet «ofra». Dette er politikk, og eg føler meg iallfall ikkje som noko «offer», seier Ramstad.

Etter at dei politiske organa i Sogndal blir konstituerte 15. oktober, blir det totalt fem kvinner og fire menn i formannskapet.

– Sjølvsagt kunne eg tenkja meg å halda fram i formannskapet; eg tykte det var eit interessant arbeid, men Venstre får ein plass i formannskapet, så då får eg berre håpa at eg kan gjera nytte for meg i kommunestyret, seier Ramstad.

Ap og Sp mannsdominerte

Sjølv om kvinnene må kvoterast ut for å få nok menn inn i formannskapet, er kjønnsfordelinga i kommunestyret meir tradisjonell, med 40 prosent kvinner.

Grunnen er at dei to store partia i kommunen – Arbeidarpartiet og Senterpartiet – har fått inn få kvinnelege kommunestyrerepresentantar, mellom anna fordi veljarane har gitt personrøyster til menn i langt større grad enn til kvinner:

Medan Ap har seks menn og to kvinner i den nye kommunestyregruppa, har Sp fire menn og to kvinner.

– Synd for Eva

– Både Venstre, Frp og Høgre har mange damer med, og det viser at me går føre, seier gruppeleiar Rita Narvarsete (Frp).

Navarsete tykkjer kvoteringsreglar er feil:

– Det er veldig synd for Eva at ikkje ho, som var fyrstekandidat og som fekk flest stemmer i Venstre, skal få bli med i formannskapet. Det skal heller ikkje vera slik at damene skal gå fyrst, berre fordi dei er damer. Engasjementet du har som folkevald, må vera det viktigaste.