Hopp til innhold

Følling og Kjelsnes slåst om å bli ny fylkesordførar etter Sandal

Kven inntar fylkesordførarkontoret på Hermansverk etter valet?

Fylkeshuset Sogn og Fjordane
Foto: Arild Nybø / NRK

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal få ny ordførar etter valet. I tillegg blir det store utskiftingar i fylkestinget.

Åshild eller Jenny

Slik meiningsmålingane ser ut rett før valdagen, ligg det an til raud/grønt fleirtal i fylkestinget også etter valet. Det betyr at Jenny Følling (Sp) og Åshild Kjelsnes (Ap) skal kjempe om ordførarklubba etter Nils R. Sandal (Sp) som gjev seg etter 12 år.

Valresultatet avgjer langt på veg kven av dei to som går sigrande ut av duellen, men mange held Jenny Følling som ein knapp favoritt.

Noralv Distad (H)

Skulle dei to partia ikkje blir einige om ei maktfordeling, vil truleg begge prøve seg med samarbeid over på "borgarleg" side. Det skal likevel mykje til at det største opposisjonspartiet Høgre og deira kandidat Noralv Distad blir ordførar – det blir truleg i beste fall ein varaordførarplass. Noko anna vil vere overraskande.

12 lister i år

Det er dei sju partia som er på fylkestinget i dag. I tillegg stiller Raudt, Kystpartiet, Samfunnsdemokratane, Kristent Samlingsparti og Miljøpartiet Dei Grøne.

Anne Viken-exit

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) stiller liste også i år, og har "kjendis-bloggaren" Anne Viken som listetopp. Mange trudd at meiningssterke Anne Viken kunne vere med å på tilføre valkampen ny energi og nye innfallsvinklar. Men slik gjekk det ikkje.

MDG sin fylkesordførarkandiat gav ved starten av valkampen beskjed om at ho hadde fått jobb i Sverige, og kom ikkje heim for å drive valkamp. Ingen av dei andre på lista har heller vore særleg aktive i fylkesvalkampen. Partiet er det einaste som ikkje stiller til utspørjing i NRK SFj.

Sjukehusval

Sjukehusstriden i fylket har alt påverka valet sjølv om sjukehus ikkje er fylkespolitikarane sitt ansvar. Spenninga ved dette valet blir korleis det slår ut når folk skal gå til urnene.

Clara og Harry

Før Ap-nominasjon hadde mange sagt nei til attval. Men to av partiet sine politiske tungvektarar var villige til å ta på igjen. Men både Harry Mowatt og Clara Øberg sit i Helse Førde-styret og har fronta Helse Førde sin sjukehusstrategi. Ein allianse av Nordfjord og indre Sogn greidde difor å få desse fjerna frå lista på nominasjonsmøtet.

Argumentasjonen var at lista ville bli uråd å selje i Nordfjord og indre Sogn med desse to namna. No er det store spørsmålet om Nordfjord og indre Sogn brukar lista når "sjukehusdreparane" er borte.

Gunnvor Sunde

sit på Fylkestinget i dag, men melde seg ut av partiet like før jul. Grunnane var fleire. Nominasjonsnemnda vraka henne på sitt forslag til ny liste. Samstundes var ho provosert av partiet sin sentraliseringskurs – spesielt knytt til sjukehussaka.

Fram til valet har ho fått stabla på beina eit nytt parti: Samfunnsdemokratane. Dei blir ikkje levna store sjansar til mandat, men er likevel eit spenningsmoment ved valet.

Tap og vinn for Ap?

Meiningsmålingar før valet kan tyde på at Ap gjer eit dårlegare val enn tidlegare i deler av Nordfjord. Likevel ser det ut til at partiet kjem rimeleg godt ut dersom ein ser fylket under eitt. Siste meiningsmåling i lokalavisene gav partiet over 30 prosent. Dette kan tyde på at partiet gjennom sjukehussak og andre saker tapar litt enkelte stader, men vinn i andre deler av fylket. Summen kan blir eit godt Ap-val.

Kva med Frp?

Frp har slite med å få skikkeleg fotfeste i fylket – trass i at dei har fått eit mandat på Stortinget. No har dei ein leiar og frontfigur, Frank Willy Djuvik, som kanskje er fylkets dyktigaste debattant og marknadsførar av sin politikk. Samstundes slit partiet på nasjonale meiningsmålingar om dagen. Kva skjer her i fylket?

Andre listetoppar

Trude Brosvik er ordførarkandidaten til Krf, Marit Barsnes Krogsæter for Venstre, Norvall Nøringset for SV.

Partia som stiller og som ikkje er representert på Fylkestinget i dag er Kystpartiet med Kay Lise Løkeland Leknes, Raudt med Ingunn Kandal og Kristent Samlingsparti med Mindor Tonheim

Valkampen

Valkampen framfor fylkestingsvalet har vore laber og tradisjonell. Dei store sakene som ligg rett om hjørne er m.a. framtidig skulestruktur for vidaregåande skular. Elevtalet går dramatisk ned dei neste 10 åra, og fylkeskommunen får mindre pengar å rutte med. Skuledebatten har vore rimeleg "rund".

Det same gjeld vegprioriteringar. Olden-Innvik er alle einige om skal realiserast. Kystvegen med 45-minuttsregionen Florø-Måløy er alle einige om må komme, men så var det å plassere den på prioriteringslista.....

Senterutvikling har vore på dagsorden, og går etter tradisjonelle meiningsskilnader.

Nei, fylkestingsvalet blir nok langt på veg personval, sidan det ikkje er store saker som skil partia. Unntaket er kanskje Frp som har sine eigne løysingar og sin eigne måte å skaffe pengar på.

Sogn og Fjordane fylke

 

Ap

SV

RV

SP

KrF

V

H

FrP

Kystp.

Demo.

MDG

1999

26,2

5,6

1,3

24,4

11,6

10,8

14,0

6,1

 

 

 

2003

25,4

8,2

1,5

28,8

7,1

10,2

9,7

8,5

0,6

0,1

 

2007

28,2

5,6

1,2

29,0

7,4

6,8

11,6

9,5

0,5

0,1

0,3