Hopp til innhold

Kvinne skadd i brann i natt

Alle bebuarane blei redda ut då det braut ut brann i ein sjumannsbustad på Byrknesøy i Gulen natt til fredag. Ei kvinne blei sendt til sjukehus med røykskadar.

Ei kvinne vart send til sjukehus etter brannen på Byrknesøy.

BRANN: Alle som budde i huset vart evakuerte, men har fått flytte tilbake etter grundig utlufting.

Foto: Helge Pedersen

– Dette kunne blitt katastrofalt om ikkje våre mannskap hadde kom tidleg fram. Hadde brannen fått utvikle seg ville heile bygget truleg brent ned til grunnen, og det ligg også andre bygg tett på, seier brannsjef i Gulen og Masfjorden, Sigvald Kvinge.

Meldinga om brannen kom klokka 00.38 natt til fredag.

– Vi fekk melding om brann eit bustadkompleks på Søre Garden på Byrknesøy. Alle naudetatar rykka ut og konstaterte at det var flammar i eit av husværa, fortel operasjonsleiar Morten Kronen i Vest politidistrikt til NRK.

Ei kvinne i slutten av 50-åra, som budde aleine i leilegheita det brann i, blei raskt sendt av garde med ambulanse til Haraldsplass diakonale sjukehus.

– Ho hadde pusta inn røyk og blei sett til av helsepersonell på staden før ho blei frakta til Bergen i ambulanse, seier Kronen.

Det eine husveret vart totalskadd i brannen.

TOTALSKADD: Leilegheita som kvinna budde i vart totalskadd i brannen.

Foto: Helge Pedersen

Rosar lokal innsats

Lokalt brannmannskap fekk kontroll på brannen, men også mannskap frå andre stadar i kommunen vart kalla ut.

– Vi har sju stasjonar i samarbeidet, men det er store avstandar. Nabostøtta kom relativt lenge etter på, så innsatsen av dei lokale redda situasjonen, understrekar Kvinge.

Han rosar også nattevakta på omsorgssenteret og pleie- og omsorgssjefen i Gulen som tok hand om dei som kom seg ut av huset. Brannen oppstod i ein sjumannsbustad og det budde folk i fem av leilegheitene. Alle som budde i huset klarte å kome seg ut på eiga hand før brannvesen og politi kom til staden.

– Husværet det brann i må reknast som totalskadd. Men dei andre som budde i huset kunne flytte tilbake i løpet av natta etter at huset blei grundig lufta ut, seier operasjonsleiaren.

Laster Twitter-innhold