Hopp til innhold

Kvinne stadfesta omkommen etter å ha falle i elv i Aurland

Den 72 år gamle kvinna som fall i Grovselvi i Aurlandsdalen omkom på sjukehuset. Det opplyser politiet i ei pressemelding. Pårørande er varsla.

Kvinne stadfesta omkommen etter fall elv i Aurland

Store ressursar deltok i redningsaksjonen. Kvinna omkom på Haukeland sjukehus i natt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kvinna var med i eit turfølge, då ho fall i Grovselvi mellom Almen og Sinjarheim i Aurlandsdalen. Ifølge politiet var elva stri med mykje vatn.

Ein større redningsaksjon vart sett i verk, og mannskap frå alle naudetatane, Røde Kors, Norske Redningshunder, Norsk Folkehjelp og mannskap frå den Alpine Redningsgruppa vart kalla ut.

Til saman 60 personar deltok i leite- og redningsaksjonen.

Natt til onsdag blei kvinna frakta til Haukeland og døydde på sjukehuset i løpet av natta.

Kvinna var busett i Sandnes i Rogaland. Politiet skriv i pressemeldinga at kvinna sine nærmaste pårørande er varsla om dødsfallet.

– Vi har vore i kontakt med familien i dag og det er jo ei skakande hending som har skjedd. Så det gjer jo eit sterkt inntrykk på dei sjølvsagt, seier politistasjonssjef i Sogn politistasjonsdistrikt, Magne Straumstein, til NRK onsdag.

Bergingsaksjon i Aurland

Store styrkar vart kalla ut då politiet fekk melding om at kvinna hadde falle i Grovselvi i Aurlandsdalen.

Foto: Arne Veum

Funnen i sideelv

Straumstein seier at årsaka til ulykka framleis er uklar.

– Det er usikkert for oss om ho blei tatt av vatnet eller om ho faktisk fall, seier han til NRK.

Politiet vil opprette ein undersøkingssak for å finne ut kva som har skjedd.

Kvinna skulle gå den populære turstien gjennom Aurlandsdalen saman med dotter og barnebarn då ho fall i elva.

Politiet fekk først melding om hendinga klokka 16:04 tysdag.

På grunn av manglande mobildekning på staden, tok det ein time frå hendinga skjedde til naudetatane blei varsla.

Først to og ein halv time etter at kvinna hamna i elva blei ho funnen av leitemannskapet i ei sideelv klokka 17:40.

Kvinna var då vaken, men medtatt.

Bergingsmannskap bar så den skadde kvinna tre til fire kilometer langs ein sti før dei kom seg til køyrbar veg.

Klokka 20.25 fortalde innsatsleiar Gisle Antun at dei då hadde fått kvinna på ei båre, og frakta ho over elva og inn på stien som går ned dalen:

– Kvinna er kritisk skadd og blir send til sjukehus, sa han til NRK då.

Rundt klokka 2 natt til onsdag bekrefta Vest politidistrikt at var frakta til Haukeland. Tilstanden hennar blei då framleis omtala som kritisk.

Bergingsaksjon i Aurland

Tett skodde hindra helikopter i å delta i bergingsaksjonen. Her står mannskap ved inngangen til Aurlandsdalen

Foto: Arne Veum

Kjenner området godt

Ordførar i Aurland, Trygve Skjerdal kjenner området godt etter over 20 år i Røde Kors som operativ leiar.

– Eg følte veldig med ho som fall i elva, familien hennar og redningsfolket som skulle ut og hjelpe dei, sa han like etter kvinna var funnen.

Familien og turfølget til kvinna blei tatt hand om av ambulansepersonell på staden. Kommunen har oppretta kriseteam.