Hopp til innhold

Kvinne i 30-åra sakna i Odda

Oppsummert

Søndag 17. juli vart ei 37 år gamal kvinne meldt sakna i Odda. Kvinna vart sist sett kvelden fredag 14. juli i Odda sentrum.

  • Resultatløs leting i Odda

    – Letingen i fjorden i dag har ikke gitt resultat. Nå skal vi i gang med formelle avhør av vitner, sier politioverbetjent Per Helge Sekse ved Hardanger lensmannsdistrikt. Politiet ber om tips fra folk som kan vite noe om kvinnen som er savnet i Odda.

  • Søk på fjorden etter sakna kvinne

    Klokka 12.00 starta politiet og Røde Kors eit søk ute på fjorden etter den sakna kvinna (37) i Odda. Dei har ikkje fått nokre spesifikke tips som seier noko om kor kvinna kan vera, opplyser politioverbetjent, Per Helge Sekse. Ho blei sist sett på fredag.

  • Leiteaksjon i Odda avslutta

    Leiteaksjonen etter ei sakna 37 år gammal kvinne i Odda i Hordaland, er innstilt. Politiet opplyser at dei etterforskar saka vidare, og dei ber om tips frå publikum. Kvinna vart sist sett fredag kveld.

  • Søk etter kvinne på vent i Odda

    Leitinga etter den sakna kvinna i Odda er innstilt inntil vidare. – Vi vurderer å starta søk på sjøen, langs fjorden, fortel Per Helge Sekse, overbetjent ved Hardanger lensmannsdistrikt. Enn så lenge etterforskar politiet saka på vanleg måte.