Hopp til innhold

Mann i 30-åra sikta for drapsforsøk etter at ei kvinne vart funnen medvits­laus i Alver

Politiet har sett i gang etterforsking, etter at ei kvinne blei funnen medvitslaus på ei adresse.

et nærbilde av en bok

POLITIAKSJON: Politiet sperra av staden torsdag kveld.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Ei kvinne i 50-åra vart torsdag kveld funnen medvitslaus i eit bustadhus i Alver.

Fredag morgon vart ein mann i 30-åra pågripen, sikta for drapsforsøk. Dei to involverte har ein relasjon, opplyser politiet til NRK fredag ettermiddag.

– Politiet fekk torsdag melding via AMK, om ei medvitslaus kvinne på ei adresse. På grunnlag av dei opplysningane som da blei gitt, blei ein mann i 30-årsalderen, avgjera arrestert, seier politiadvokat Eli Valheim.

Avgjersla om arrestasjon vart tatt allereie torsdag kveld, men sjølve arrestasjonen vart gjort tidleg fredag morgon.

Skadeomfanget til kvinna er ukjent. Ho ligg framleis på intensiven på Haukeland sjukehus.

Det har så langt ikkje vore mogleg for politiet å avhøyre ho.

Krimteknikerered utenfor hus Alver

Fredag ettermiddag starta kriminalteknikarar sitt arbeid på staden.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Fremstilles for varetekt laurdag

Mannen er blitt avhøyrt fredag kveld, opplyser politiet i ei pressemelding.

Han vil bli framstilt for varetektsfengsling laurdag. Siktelsen om drapsforsøk er uendra.

Politiet ventar ikkje å pågripe fleire personar i samband med saka.

Einar Råen er mannen sin forsvarar. Han ynskjer ikkje å kommentere saka før mannen har forklart seg.

Kvinna og familien hennar har ikkje fått oppnemnt ein bistandsadvokat enda.

baksiden av en bil på stedet etter drapsforsøk i Alver

Politiet har vore på staden sidan torsdag kveld.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Brukte dronar og helikopter

Fleire naboar fortel fredag til NRK at bustadområdet er eit roleg område, og at dei aldri har opplevd noko liknande tidlegare.

– Det var roleg i går kveld fram til vi plutseleg høyrde helikopteret som flaug over huset vårt i halv nitida, seier ein av naboane i området.

Torsdag kveld var politiet til stades både i Åsane og i Alver med fleire patruljar, hundar og drone.

Eit vitne i Åsane fortalde også til Åsane Tidende at politiet sperra eit køyrefelt og stod klare med spikarmatte.

en bil med en person som står foran

Politiet var til stades med fleire patruljar og dronar etter funn av ei medvitslaus kvinne torsdag kveld.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Politiet har avhøyrt fleire personar

Det var personar som kom til staden som melde frå til politiet om at kvinna var medvitslaus.

– Me har avhøyrt personar som har tilknyting til kvinna. Og også personar som har kome til staden i samband med at kvinna blei funnen medvitslaus, uttalte innsatsleiar på staden tidlegare fredag, Tom Johannessen.