Hopp til innhold

Kven tek over etter Flæte?

Laurdag vart det kjent at Oddvar Flæte gir seg som fylkesmann i Sogn og Fjordane. Diskusjonen er alt i gang rundt kven som bør overta.

Fylkesmann Oddvar Flæte

GIR SEG: Fylkesmann Oddvar Flæte går av til sommaren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Georg Arnestad

SAMFUNNSDEBATTANT: Georg Arnestad.

Foto: NRK
Reidar Sandal

KANDIDAT? Reidar Sandal.

Foto: Eirin Aardal / Scanpix
Liv Signe Navarsete

KANDIDAT? Liv Signe Navarsete.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX
Heidi Grande Røys

KANDIDAT? Heidi Grande Røys.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK
Tor Bremer

KANDIDAT? Tor Bremer.

Foto: NRK

Oddvar Flæte var landets yngste fylkesmann då han vart utnemnd i Kongen i Statsråd i 1994. Framleis er han berre ein av to fylkesmenn som ikkje har politikarbakgrunn.

Men nok for vere nok, meiner Flæte. Neste år, etter 17 år som statens sin mann i fylket, takkar han av i ein alder av 67 år.

På tide med ei kvinne?

På ulike sosiale medier er diskusjonen alt godt i gang rundt kven som bør følgje i Flæte sine fotspor.

Kulturforskar Georg Arnestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er blant dei mange som tenkjer høgt. Han ser nokre få, men klare kandidatar til å ta over embedsstillinga. Arnestad ser gjerne føre seg at det blir ei dame.

– Heidi Grande Røys, Liv Signe Navarsete har begge blitt trekte fram på sosiale medier. Det har også Reidar Sandal, seier Arnestad.

I ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane måndag vurderte forskaren og samfunnsdebattanten dei han reknar for å vere kandidatar til toppjobben:

Reidar Sandal (61)

Er tidlegare statsråd og mangeårig stortingspolitikar for Arbeidarpartiet. No rådgjevar for næringslivet. Busett i Florø, opphaveleg frå Vågsøy. Utdanna lektor.

– Viss han vil bli fylkesmann så må det bli i Sogn og Fjordane denne gongen, elles er toget gått. Han hadde veldig lyst på stillinga i Hordaland. Hadde Lars Sponheim fått nokre prosentpoeng meir oppslutnad ved Stortingsvalet, så hadde Reidar Sandal vore fylkesmann i Hordaland, seier Arnestad.

Sandal søkte stillinga som fylkesmann i Hordaland, men kom til kort mot Sponheim.

Liv Signe Navarsete (52)

Sp-leiar og kommunal- og regionalminister. Busett i Lærdal, opphaveleg frå Sogndal. Tidlegare sjølvstendig næringsdrivande.

– Eg trur det er litt for tidleg for henne. Det er vel også slik at det har utvikla seg ein regel at regjeringsmedlemmer ikkje søkjer på denne typen stillingar. Viss ho skal søkje som fylkesmann i Sogn og Fjordane trur eg kotymen tilseier at ho skal gå ut av regjeringa før ho søkjer. Det trur eg ikkje ho gjer.

– Kva med å gi Sandal ein kort periode, for så å gi stillinga til den yngre Navarsete?

– Den tanken har streifa meg. Det er ikkje urimeleg.

Bremer (55) og Heggø (49)

– Kva med stortingsrepresentantane Tor Bremer og Ingrid Heggø, kan dei vere aktuelle?

– Det kan godt hende at til dømes Tor Bremer kunne vere aktuell som søkjar til fylkesmannstillinga. Kanskje kunne han byta med Oddvar Flæte. Kanskje han kunne blitt ein ypparleg stotringskandidat for Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Heidi Grande Røys (43)

Arnestad ser også tidlegare stortingsrepresentant og statsråd for SV, Heidi Grande Røys som ein aktuell kandidat. Ho er i dag tilbake i gamlejobben som barnehagestyrar i Florø. Men det kan også vere at vedkommande som blir tilsett ikkje har politisk bakgrunn, trur Arnestad.

– Ein skal ikkje ta det heilt for gitt at det er ein politikar som blir utnemnd. Oddvar Flæte er ein av to fylkesmenn som ikkje har sin bakgrunn i partipolitikken.

Ser du folk utanfrå som i horisonten som kan tenkast å komme heim?

– I farten ser ikkje nokon slike.

Rosar Flæte sin innsats

Når det gjeld ettermælet til Oddvar Flæte, trur Arnestad det er lite å frykte.

– Eg trur han vil få eit veldig godt ettermæle. Han har vore ein tydeleg og klar fylkesmann, som også har overskride rolla si litt. Han har blitt det som dei i bygget på andre sida av gata nesten snakkar om som ein utviklingsaktør. Han har vore ein utviklingsaktør for Sogn og Fjordane og i fylket i ordets rette forstand, seier Arnestad.

Han viser til at Flæte må kunne reknast som arkitekten bak utviklinga av nye statlege arbeidsplassar på Leikanger dei siste åra. Og han har vore ein aktiv pådrivar for mellom anna IT Forum i Sogn og Fjordane.

– Han har vore tydeleg og sagt ifrå. Han har vore samfunnsdebattant kanskje meir enn mange meiner fylkesmenn bør vere. Han har blitt ein bloggar i sine siste embedsår, og det har blitt diskutert på nasjonalt nivå om ein fylkesmann bør uttrykke seg såpass fritt som han gjer, seier Arnestad.

Han håpar at også Flæte sin etterfølgjar blir å finne i den såkalla bloggsfæren på internett.