Hopp til innhold

Kven skal betale for dobesøket?

Dronninga brukte nyoppussa toalett på kystmuseet - no vil museet at kommunen skal dele rekninga for oppussinga.

Dronning Sonja kom til Florø

Flora kommune gjorde det dei kunne for at dronning Sonja skulle ha det best mogleg då ho vitja byen i august.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- Sjølvsagt, når vi skulle ha ei dronning på besøk så ønskte vi jo å få betre fasilitetar enn det vi hadde, seier museumsdirektør Berit Høyvik.

Alt skulle vere på stell

Kystmuseet i Florø

Kystmuseet i Florø pussa like godt opp toalettet sitt før dronninga skulle komme. Men å betale for oppussinga er ikkje like greit.

Foto: Ottar Starheim / NRK

For med dronninga på besøk skal det meste vere på stell. Også toaletta skal skine om dronninga skulle ha behov for ein tur innom.

Og Kystmuseeet i Florø pussa mellom anna opp toalettet sitt før det storfine besøket i august.

Kommunen tok initiativ

Det var etter innspel frå Flora kommune at kystmuseet sytte for at dronninga vart ønskt velkommen sjøvegen og rusta opp både landgang, trapp og rekkverk på kaia.

Innandørs var det toalettet som fekk ei overhaling før det storfine besøket fortel jubileumsgeneral i Flora kommune, Edvin Helgheim.

- Eg veit ikkje om vi sa noko spesielt om det ant enn at vi rekna med at dei ville ha eit presentabelt toalett, seier han.

Og kystmuseet fulgte oppmodinga.

Hadde orka det gamle toalettet

Dronning Sonja i Florø

Dronning Sonja fekk oppleve kystbyen på sitt beste då ho var på besøk. Her flankert av ordførar og politi.

Foto: Vidar Gudvangen

- Eg trur nok dronninga skulle klart å gått på toalettet der slik det var før og, men det vart jo ei anledning til å ta tak i det, seier Høyvik.

Og så langt, så godt.

Men å betale for oppussinga er ikkje like kjekt. No blir nemleg ikkje kommunen og museet samde om kven som skal ta rekninga.

For kostnadane var ikkje noko kystmuseet har budsjettert med. Dei håpar kommunen vil ta sin del av rekninga

Ingen vil betale

- Vi oppfattar jo at dronninga først og fremst skulle besøke kommunen i forbindelse med jubileet, så vi håpar vi kan spleise, seier Høyvik.

Men Helgheim i kommunen veit førebels ikkje om det er aktuelt..

- Det var jo eit naudsynt arbeid som vart gjort. Vi får sjå kva vi har pengar til, seier Helgheim.

- Var verdt det

Dronning Sonja i Florø

Mange fekk møte dronninga i Florø. Ho kom kystvegen for å verkeleg oppleve byen.

Foto: Vidar Gudvangen/NRK

- Uavhengig av kven som betaler så var toalettoppussinga verdt det meiner museumsdirektøren.

- Brukte dronninga toalettet då ho var på besøk?

- Ja det gjorde ho, seier Høyvik.

- Så det var verdt det?

- Ja det vil eg tru.