Kven fortener 100.000 kroner?

Utdelinga av «Årets kulturidé» nærmar seg med stormskritt. Fredag blir ein av ti kandidatar 100.000 kroner rikare.

Finaleheatet i Årets kulturidé

FINALISTAR: Av 35 søkjarar, vart eit finaleheat på ti kandidatar plukka ut til prisen som «Årets kulturidé».

Foto: Fotomontasje / NRK

Det er Sparebankstiftinga som saman med NRK Sogn og Fjordane deler ut prisen i samband med Balejazz fredag 10. mai.

Dei siste to månadene har folket kunne røyste fram sin favoritt på NRK.no. Så langt er det registrert over 10.300 røyster.

– Det må seiast å vere veldig bra og slik at eg håpar på ei vidareføring av konseptet, seier Pål Fidjestøl i juryen.

Forsprang minskar

I alt kom det inn 35 søkjarar til prisen. Av desse plukka juryen ut eit finaleheat på ti finalistar. I tillegg til Fidjestøl frå Sparebankstiftinga, sit musikar Laila Beate Førde og leiar Steinar Fredheim frå Distriktssenteret i Sogndal i juryen.

Ein kandidat åleine har fått 25 prosent av røystene. Kring 600 røyster skil dei mest populære kandidatane.

– Det er jo ein favoritt som har halde seg heile vegen, men forspranget har minska. For eitt par-tre veker sidan var skilnaden større, seier Fidjestøl.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vurderer søknadane til "Årets kulturidé".

JURYEN: Musikar Laila Beate Førde, leiar Pål Fidjestøl i sparebankstiftinga og Steinar Fredheim som leiar for Distriktsenteret i Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Folkets favoritt

Mellom finalistane finn ein mellom anna fleire ulike festivalar. Fidjestøl fortel at både han og juryen har sin favoritt.

Juryen si meining tel 50 prosent når prisen blir delt ut fredag.

LES MEIR: Finaleheatet til «Årets kulturidé»

– Det ser ut som om min personlege favoritt også er folkets favoritt. Så det blir spennande å følgje innspurten no, seier Fidjestøl og ikkje ynskjer å røpe korleis stoda er i avrøystinga.

Får eit pusterom

Kandidatane har dei siste månadene fått presentert seg sjølve og ideen sin i radiosendingane til NRK Sogn og Fjordane. At prisen på 100.000 kroner vil vere viktig, er ikkje vanskeleg å forstå.

– Med bakgrunn frå kulturarbeid sjølv, så veit eg kor mykje tid og krefter jakta på pengar krev. Eg trur ikkje at ein skal vente at pengane vil føre til noko revolusjon, men det vil føre til spart tid og nattesøvn for arrangørane, seier Fidjestøl.

– Eg trur det vil frigjere meir krefter til å sjå på innhald og kvalitet på arrangementet. Eit lite pusterom, legg han til.

Fleire får gåver

Heile radiosendinga fredag ettermiddag er via prisutdelinga i Balestrand. Kandidatane får ein siste sjanse til å påverke resultatet når dei får høve til å framheve kvifor akkurat dei fortener prisen. Beste presentasjon får 10.000 kroner.

I tillegg røper Fidjestøl at dei i tillegg til hovudvinnaren, vil dele ut ytterlegare gåver til nokre av finalistane.

– Vi fann nokre kandidatar som vi uavhengig av røystene vil gje ei gåve. Også dette blir annonsert frå scenekanten etter at den store vinnaren er kåra, seier Fidjestøl.

Finalekandidatane: