- På 70-talet var me forut for tida med offensive backar som styrta i angrep, og det avgjorde nok nokre av opprykka våre, seier Sogndal-kjennar Jon Navarsete.
Når tidenes høgreback no skal kårast har ein dermed ein del å velja i, sjølv om dette er ein posisjon spelarar har vore flytta ut og inn av.
- Spesielt før i tida skjedde det ofte, så mange av kandidatane har også spelt andre stader. Men alle var gode backar, seier Navarsete.
AVSTEMMINGA ER AVSLUTTA:
Kandidatane:
Willy Ljøsne (71 kampar/2 mål) 1973-1980. Solid backtype med god innleggsfot. Målgjevande corner på Ullevaal i 1976.
Petter Melchior (195/2) 1979-86. Rask geitebonde frå Møre.
Vidar Aasen (150/17) 1983-91. Arbeidsjarn som også spelte høgre ving.
Trond Helgesen (106/7) 1989-94. Rask, taklingssterk, temperamentsfull.
Eirik Hillestad (110/0) 1998-2003. Fysisk sett kanskje den mest ekstreme Sogndal-spelaren nokon sinne. Uverkeleg fart og spenst.
Robbie Russell (77/4) 2001-04. Offensiv back som kunne dominere heile høgresida.
Ahyee Aye Elvis (120/17) 2004-11. Spelt i mange posisjonar men mest som back. God taklar både på bakken og i lufta. Målfarleg.
Ei stemme kvar dag
Her kan du stemme på den du meiner er den beste høgrebacken Sogndal nokon gong har hatt. Du kan gje ei stemme kvar dag fram til avstemminga blir avslutta søndag ved midnatt. Vinnaren vil ta plass på tidenes Sogndal-lag som skal kårast fram mot seriestart i Eliteserien 20. mars.
Du kan avgje ei stemme kvar dag fram til søndag midnatt. Måndag 31.01 kjem ei ny avstemning, for då skal tidenes midtstopparar kårast.