Kvar er dette?

Har du svaret, kan du vinne premie frå NRK!

Kvar er dette?
Foto: Raymond Lidal

Kjenner du igjen her? Kva er namnet på kommunen der du finn denne bygningen?

Send inn svaret, og du kan vinne premie. Hugs å skrive postadressa di.

Frist for innsending av svar er onsdag 8. april kl 12.

Sidan vi vart eit større fylke etter årsskiftet, ønskjer vi bilete frå heile Vestland fylke. Har du eit eller fleire fine bilete, som du vil dele med oss, kan du sende oss dei på ei av e-postadressene under. Vi premierer brukte bilete med eit krus.

Viss det er problem med innsendinga, kan du bruke denne adressa: vevvandring@nrk.no

Om du har spørsmål eller innspel til konkurransen, send dei til roy.raasholm.fauske@nrk.no

Oppgåver vi har hatt før:

Førde sentralsjukehus.
Foto: Raymond Lidal / NRK

Her ser vi Førde sentralsjukehus frå ein litt annleis vinkel. Kruset denne veka går til Ivar Rune Varpe frå Bremanger. Vi gratulerer!

Eikedalen Skisenter.
Foto: Jan Petter Svendal

Denne utsikta finn vi i Eikedalen skisenter i Samnanger kommune. Krus kjem i posten til Roy Hovland i Oslo. Vi gratulerer!

Myrkdalen Hotell i Voss.
Foto: John Ivar Norheim / Myrkdalen Fjellheiser AS

Håkon Almelid frå Folkestad visste at dette var Myrkdalen Hotel i Voss kommune. Vi gratulerer og sender krus.

Stord lufthamn, med terminalbygg og brannstasjon
Foto: Stord lufthamn

Stord var svaret vi jakta på denne gongen. På biletet ser vi Stord lufthamn, Sørstokken. NRK-krus går til Sigurd Wiersen, Stord. Vi gratulerer!

Ortneset i Brekke i Gulen kommune.
Foto: Gunn Sætre

Brekke er namnet på bygda der vi finn dette neset, Ortneset, som stikk ut i Sognefjorden. Krus denne veka går til Berit Reimers frå Sandnes. Vi gratulerer!