Hopp til innhold

Kval stranda på Alden

Den stranda kvalen på Alden vest om Askvoll vart slept ut frå land og alle trudde den var berga.

Stranda kval på Alden
Foto: Asbjørn Kalvøy

Dei første raportane gjekk på at kvalen var berga. Diverre viste det seg at den ikkje overlevde bergingsoperasjonen.

- Han tålte ikkje belastinga. Han gjorde så mykje sprell og forferdelege byks at han vart heilt oppskrapa. Han ville nok ikkje klart seg uansett, fortel Odd Alden.

- Aldri opplevd liknande

Det var Fredrik Alden som oppdaga den kring fem meter lange kvalen då han skulle ut dra opp krepsteinene sine. Ikkje så langt frå kaia si såg han ein ein sprell levande kval som hadde stranda. Det er truleg tale om ein grindkval. Alden seier han aldri har opplevd liknande.

- Halve kvalen er oppe. Det står born og kastar sjø på han no for å halde den fuktig. Han er framleis i live og slår godt med sporen, sa han. Politiet fekk melding om kvalen like før klokka 08 fredag morgon, men overlet bergingsaksjonen til andre.