Hopp til innhold

Kva er ditt favorittord? Del det med oss!

Folk si interesse for språk og ord ser ut til å vere utømmeleg. På NRK Sogn og Fjordane si Facebook-side har nær 200 kome med sitt favorittord.

Dialektord

KVA ER DITT FAVORITTORD: Dette er nokre av dei mange orda som har kome inn. Del ditt favorittord med oss på Facebook og du kan bli den heldige vinnaren av eit NRK-krus.

Har du eit godt dialekt- eller favorittord? Då ønskjer vi at du deler det med oss på Facebook-sida vår. Vi trekkjer ut ein heldig som får eit NRK-krus i posten.

Språk engasjerer

Øystein Vangsnes

EKSPERT PÅ SPRÅKET: Professor Øystein A. Vangsnes frå Leikanger likar både «øye» og «bauredl». Kva er ditt favorittord?

Foto: Lars Nes

Då Dialektriket på NRK skulle kåre det mest populære dialektordet i Norge i samband med Språket 2013, var det stort engasjement.

– Folk er opptekne av språket sitt og mange har eit nært forhold til det, seier Øystein A. Vangsnes frå Leikanger.

Han er professor i nordisk språk ved universitetet i Tromsø. Han har skrive boka Grautmål saman med Arve Uglum, der dei presenterte og forklarte ord og uttrykk frå Sogn og Fjordane.

– Mange tenkjer gjerne at enkeltord symboliserer eige mål. Nokre av orda blir brukte i kvardagen medan andre kan vere ord som dei oppfattar som symbol på dialekten dei eldre brukar, seier han.

«Øye bra»

Vangsnes er oppteken av at sjela til ei dialekt ikkje ligg i orda, men i grammatikken og formverket.

– Når eg snakkar Leikanger-dialekt, er 99 prosent av alle ord lik andre dialekter. Det er bøyingane og klangen som gjer mi dialekt unik, ikkje orda.

– Kva er ditt favorittord?

– Det må vere øye og bauredl. Øye eit forsterkande uttrykk som i «øye bra». Bauredl blir brukt om ein som oppfører seg overlegent og lite sympatisk, seier han.

Måndag deler vi ut eit NRK-krus til ein av dei som deler sitt favorittord med oss. Bli med og del ditt favorittord!