Kåringa er gjort av Norstat på oppdrag av Norad.
Gaustatoppen over Rjukan fekk flest stemmer. Medan kjende toppar i fjellfylket Sogn og Fjordane som til dømes Hornelen, Skåla og Store Skagastølstind fekk null prosent av stemmene.
– Det forundrar litt. For vi veit jo at naturen og fjella og kysten i Sogn og Fjordane er attraktiv, seier styreleiar Marino Ask i Sogn og Fjordane turlag.
Folk som NRK Sogn og Fjordane snakka med på gata, kåra Storehesten, Eikåsnipa og Grovanipa som sine favorittar.
Marino Ask er glad i kystlandskap, og meiner Hornelen er i særklasse i fylket vårt, av fleire årsaker.
– Hornelen strekker seg opp mot 900 høgdemeter, og ligg utpå kysten. Du ser nordover og sørover langs kysten, og langt aust i landet, heilt til Jostedalsbreen.
2000 menneske vart spurt i undersøkinga av Norstat. Det at Hornelen ikkje har fått stemmer i det heile tatt, forklarar Marino Ask slik:
– Mange har Gaustatoppen som eit nært fjell. Vi er jo då i den mest folkerike delen av landet. Og det avspeglar vel kanskje litt av svara i undersøkinga, seier leiaren i Sogn og Fjordane Turlag.
– Men det er jo litt subjektivt kva utsikt som er vakrast.
Ask trur undersøkinga er eit teikn på at det ikkje er så mange som har vore på toppane i Sogn og Fjordane.
– Vi må bli endå flinkare til å marknadsføre Sogn og Fjordane, og toppane som er her, seier turlagsleiaren.
Det er mange fine utsikter i nærområda til folk.
– DNT er opptekne av folk skal finne sine favorittutsikter. Og det ser vi at veldig mange har gjort, seier turlagsleiaren.
Dette er Marino Ask sine favorittutsiktspunkt: