Hopp til innhold

To direktørar må gå i Engebø-selskapet som ein følgje av usikker framtid

Aksjane i Gudvangen stein er seld, og no må to heilt sentrale direktørar gå som ein følgje av ei usikker framtid for selskapet som vil drive gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal.

Engebøfjellet og Ivar S. Fossum

KUTTAR: Administrerande direktør Ivar Fossum kuttar no inn til beinet i Nordic Mining. Noko avgjerd om gruvedrift i Engebøfjellet kan han neppe vente seg før tidlegast etter valet i haust.

Foto: Fotomontasje

I går sende selskapet Nordic Mining ut ei børsmelding der det går fram at både salsdirektør Ottar Nakken og sjefen for gruvedrift Paul Norkyn må gå.

Gruveselskapet vil byrje med utvinning av mineral i Engebøfjellet i Naustdal, men har ikkje fått løyve til det endå.

Saka har vekt stort engasjement då motstandarane av prosjektet meiner det vil gjera stor skade på Førdefjorden å dumpe overskotsmasse frå gruvene der.

– Våre aksjonærar oppfattar at det er ein stor risiko og ein politisk uforutsigbarheit knytta til dette prosjektet, seier administrerande direktør Ivar Fossum til NRK.

Ei avgjerd om selskapet skal eller ikkje skal få lov til å drive mineralutvinning i Naustdal har lenge lete vente på seg, og noko avgjerd vil ikkje kome før tidlegast etter valet no i haust.

I følgje Fossum er aksjonærane no nøgde med at leiinga i Nordic Mining tek grep for å stramme inn i selskapet.

– Men samstundes så meiner dei at det representerer eit stort potensiale og har gjeve oss signal om at no må vi prioritere og fokusere. Vi må forsøke å få sluttført det som skal til for å få ei endeleg godkjenning, seier Fossum.

– Så det at at to direktørar no går ut, er ein konsekvens av usikkerheita i Naustdal?

– Det er både ein direkte og ein indirekte konsekvens av det. Vi har jo nettopp også seld verksemda vår i Gudvangen Stein i Aurland som er eit ledd i den same prosessen.