Naudetatane rykka ut til Bahusvatnet på Kalandseidet i Bergen i ettermiddag. Då undersøkte dei om ein person hadde gått gjennom isen på vatnet.
Klokka 17.44 bekrefta politiet at det er gjort funn av ein omkomen etter aksjonen.
Måndag kveld klokka 21.52 går politiet ut med at det miljøaktivisten Kurt Oddekalv som vart funne død i vatnet.
Namnet er gitt ut i samråd med pårørande. Oddekalv vart 63 år gamal.
– Det presiseres at familien ber om ro i tida framover. Familien vil også koma med ein uttale i løpet av dei nærmaste dagane, skriv politiet i pressemeldinga.
Oddekalv har i fleire tiår vore ein markant person i miljørørsla. Han var leiar av Noregs Miljøvernforbund som han stifta i 1993.
UTRYKKING: Politiet, brannvesenet, ambulansen og ein luftambulanse rykka ut til Bahusvatnet i kveld.
Foto: Arne Frank Solheim / NRKNær venn: – Han var ein bauta
– Me er i sjokk i heile forbundet. Me stå saman om dette, og æra ein stor mann, seier Arne Roger Hansen, regionleiar for Miljøvernforbundet i Midt-Noreg.
Han fortel at dei var gode vener, og at dei ofte treftest.
– Me klikka saman med ein gong. Han var ikkje berre sjefen min, men ein god ven. Dette er ein trist dag for alle oss i Miljøvernforbundet, seier Hansen.
Gustav Bahus, leiar i Vestland Frp, har vore ein nær venn av Oddekalv lenge. Han har kjent miljøaktivisten sidan ungdomsåra.
– Dette er ufatteleg trist. Tankane mine går til familien. Oddekalv var ein bauta i miljørørsla og sette fokus på mange viktige ting i samfunnsdebatten, seier Bahus til NRK.
SOMMARLEIR: Miljøkrigar Kurt Oddekalv (t.h), lekser opp om maktmenneske for Anders Anundsen formann i FpU og Paal Kapstad.
Foto: ROAR VESTAD / NTBStatsråden: – Har mista ei tydeleg stemme
Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) seier det var ein trist beskjed å få.
– Oddekalv hadde eit livslangt miljøengasjement. Han var ein utradisjonell type som skapte mange kontroversar, men engasjementet for naturen var utrettelig. Miljørørsla har mista ei tydeleg stemme, skriv Rotevatn.
Nestleiar i Miljøpartiet dei Grøne, Arild Hermstad, skriv på Facebook at Oddekalv var ein kompromisslaus miljøforkjempar.
– Han inspirerte meg og mange andre til kamp for naturen, mot oppdrettsnæringa, motorvegar, dårlege vindkraftprosjekt og mykje meir.
– Vi var ikkje alltid samde i alle saker, men han var hundre prosent ekte i sitt engasjement. Han har via heile livet sitt til å snakke naturen si sak, skriv Hermstad.
Politikar og miljøforkjempar Tom Sverre Tomren er også i sorg.
– Det blir eit stort tomrom no. Han var ein pioner og ein bauta, seier Tomren til NRK.
– Han tok på seg ei rolle som miljøprofet. Det kosta noko for han, men det har vore utruleg viktig for samfunnet og samfunnet si forståing av miljøproblemstillingane.
MILJØKRIGAR: Kurt Oddekalv leia aksjonistane som i mars 2006 tok seg om bord i ein mudringslekter som skulle fjerna giftslam frå sjøbotnen i Indre Oslofjord og frakte det til eit djupvassdeponi ved Malmøya.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpixSåg spor i snøen
Politiet vart varsla etter at nokon ringde inn etter å ha sett spor på isen.
– Nokså raskt etter naudetatane kom til staden vart det gjort funn i ei isråk. Vedkomande vart raskt frakta opp og til land, men vart dessverre erklært død av mannskap frå ambulansen på staden, fortalde innsatsleiar Ørjan Djuvik i politiet.
Innsatsleiar Djuvik opplyser om at det berre gjekk eitt sett med spor ut mot råka der den omkomne vart funne.
Brannvesenet har hatt både dykkarar og personell på overflata. Det var overflatereddarane frå brannvesenet som fann avdøde.
Om lag 18:25 trakk brannvesenet sine ressursar tilbake.
STOR AKSJON: Også luftambulansen rykka ut til hendinga i Bahusvatnet måndag ettermiddag.
Foto: Marte Fredriksen / 03030-tipser