Tidlegare frykta mellom anna Nordfjord Kjøtt i Loen og Kleven i Førde - som ville fått store problem som følgje av mangel på arbeidskraft - at dei kurdiske asylsøkjarane dei har i arbeid skulle miste sine arbeidsløyve som følgje av eit vedtak i Utlendingsdirektoratet.
Vedtaket i UDI kunne sende fullt arbeidsføre folk i fast arbeid over på sosialhjelp.
Men no skriv regional- og kommunalminister Erna Solberg i eit brev til Stortingsrepresentant Grande Røys at kurdarane kan halde fram med å arbeide til dei eventuelt får avslag på søknaden om asyl i Utlendingsnemnda. Og sjølv om kurdarane får avslag i nemnda, kan dei i tillegg søke om mellombels arbeidsløyve i påvente av retur til heimlandet.
Kurdarane kan førebels ikkje bli sendt tilbake til Kurdistan fordi Norge ikkje har utleveringsavtale med landet. Men Grande Røys trur ikkje dette betyr ein permanent opphaldsløyve for kurdarane.