Hopp til innhold

Kunstgrasbane i Naustdal

Millionæren Trond Mohn frå Bergen gjev 500.000 til kunstgrasbane.

Kunstgress
Foto: Knut Reitan / NRK

Gleda er stor i Naustdal etter at kommunen fekk ein gledeleg telefon frå millionær Trond Mohn.

Stort idrettsprosjekt

- Vi er veldig glade, jublar ordførar, Håkon Myrvang, til avisa Firda. For Robek-kommunen Naustdal, kjem pengane godt med.

Likevel manglar ein framleis kring ein halv million kroner for å få eit komplett idrettsanlegg. Kommunen planlegg også å få i stand ei idrettsbane til løp, og ordføraren håpar innbyggjarane vil vere med og sponse den.

Pengeinnsamling

- Vi skal ha innsamlingsaksjon frå innbyggjarane, og vi håpar dei kan gje litt økonomisk hjelp til prosjekta. Dei kan gje så mykje eller lite dei vil, seier Myrvang. Han håpar at bana vil stå klar i juli neste år.

Millionæren, på si side, forlangar ingenting i retur, anna enn at folk i Naustdal får ei flott fotballbane som dei vil bruke.