Det vart klart då kulturkomiteen la fram kulturmeldinga fram mot 2014.
Eit viktig løft
– Dette er eit viktig løft for oss, seier fylkesarkivar Gunnar Urtegaard, som var svært glad i dag.
Løftet kjem fordi fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har lege i forkant av utviklinga av elektronisk tilgang til arkiv-, bibliotek- og musem i fylket. No vil altså kulturkomiteen at fleire må bruke Sogn og Fjordane som førebilete.
Fylkesarkivet sine nettsider har alt over 300.000 treff, og det er svært mykje for eit fylke med så få innbyggjarar.
No vil Urtegaard utvikle nettenestene endå meir mot publikum.