Hopp til innhold

Kulturminne kan bli gravplass

Utvidinga av Vangen kyrkjegard i Aurland kan avdekke nye arkeologiske funn.

Vangen kyrkjegard i Aurland
Foto: Merete Høidal / NRK

Kyrkjegarden i Aurland er planlagd utvida med om lag 350 kvadratmeter i det som i dag er ein frukthage.

LES MEIR: AURLAND I FYLKESLEKSIKONET

Funn frå jarnalderen

Ut i frå ei rekkje tidlegare funn på staden, oppmodar fylkeskulturavdelinga til nye arkeologiske utgravingar. Grafunn og gjenstandsfunn viser at det er har lege eit gravfelt der i yngre jarnalder.

- Vi har arkivopplysningar om at det på Vangen har lege tre gravhaugar. Ein av desse var utgraven før 1823, medan ein annan vart utgravd i 1823, skriv rådgjevar Eva Moberg til Riksantikvaren.

Mange funn

I begge gravhaugane som låg mellom "landhandlar Skjerdals hus og kyrkja" vart det funne urner. Ved planeringsarbeid i same område i 1859 vart det funne eit bronsekar, to ovale spenner, saks, pilespiss og brende bein. Like framfor kyrkja vart det også funne ei spenne av bronse, eit kvartsbryne og restar av ei kiste.

- I 1911 kom det inn melding om funn av eit lag med brend stein og jord, sam trestar av små murar i eit område like utanfor kyrkjegarden, skriv Moberg.

Arkeologisk registrering

Moberg trur at det framleis kan ligge spor etter gravleggingar og førhistorisk busetnad under markoverflata.

Kulturavdelinga meiner difor at det vil vere naudsynt med ei maskinell flateavdekking for å avklare dette.