Den høgtflygande tanken om eit storuniversitet på Vestlandet har krasjlanda.
Ein storfusjon mellom høgskulane og universitetet i landsdelen er uaktuelt dei næraste åra, sa rektor ved Universitet i Bergen (UiB), Dag Rune Olsen, tysdag.
– Veldig uheldig
Olsen kunne vera så avvisande fordi kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har gitt han lov til det. Statsråden har nemleg sagt at universiteta ikkje treng å fusjonera, fordi dei er store nok i seg sjølv.
– Det er veldig uheldig at han gitt eit slikt signal midt i ein prosess der ein skal finna fram til kvarandre. No slepp dei store institusjonane å delta i fusjonsdiskusjonane på same vilkår som dei mindre høgskulane, seier dekan ved samfunnsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Anne-Grethe Naustdal.
– UiB-fusjon best
På eit møte med kunnskapsministeren i Sogndal tysdag kveld utfordra Naustdal kunnskapsministeren. Ei stor samanslåing på Vestlandet, med UiB i spissen, ville ha vore ei god løysing for HiSF, meiner Naustdal.
– Når ministeren vil auke kvaliteten i undervisninga og forskinga, hadde UiB vore ein meir interessant aktør for oss enn høgskulane i Volda eller Bergen, eller begge to. Dei vil ikkje gi same tyngd som ein fusjon, der eit universitet er med.
Hardt fusjonspress
Kunnskapsministeren pressar på for å få dei mindre høgskulane til å slå seg saman til større einingar, og han har ikkje godteke HiSF sine vedtak om å bli verande sjølvstendig. Statsråden avviser at han kan ha skusla vekk ein gyllen sjanse til å få til storfusjon på Vestlandet, når han har freda UiB.
– Nei, det trur eg ikkje. Dei spennande diskusjonane me har hatt under besøket i Sogndal viser at mange ser mange moglegheiter for HiSF ved å samarbeida og fusjonera med andre.
– Konkretiser UiB-samarbeid
Røe Isaksen oppfordra HiSF til å konkretisera det dei ser føre ser som UiB si rolle i eit framtidig samarbeid.
– Det tykkjer me er interessant og vil følgja opp, seier HiSF-rektor Åse Løkeland.