Hopp til innhold

Krisepengar til Domstein

Domstein får krisepengar av Innovasjon Norge. Sjømatkonsernet har slite med inntektssvikt og underskot dei siste månadene.

Makrell på samlebandet til Domstein
Foto: NRK

No stiller Innovasjon Norge med 70 millioner kroner i lån. Og det var statsminister Jens Stoltenberg som sjølv kom med nyhenda.

- Når ein får titals millionar med kroner, kan ein lage betre produkt, og nye produkt, og greie seg gjennom ein vanskeleg tid, seier Stoltenberg.

Underskot på 40 millionar

Rolf Domstein

Konsernsjef Rolf Domstein

Foto: NRK / NRK

Og det er vanskelege tider for Domstein. Med eit underskot på 40 millionar kroner i fjor, er sjømatkonsernet nøydd til å gjere noko for å kome på rett kjøl igjen.

Hadde dei ikkje fått låne pengar frå Innovasjon Norge no, hadde det blitt vanskeleg, seier konsernsjef Rolf Domstein.

- Dette er viktig. For vi er inne i tunge omstillingsprosessar, og den finsasielle situasjonen rundt om kring i verda gjer at marknaden for ein del av produkta våre er vanskeleg.

- Kor dårleg står det til med Domstein?

- Det står ikkje dårleg til med Domstein. Vi har god finansiering. Men mykje av den finansieringa har vore kortsiktig. Og det er viktig for oss å jobbe meir langsiktig.

Ikkje sikra

Domstein på Trollebø

Domstein på Trollebø

Foto: Ottar Starheim / NRK

Den negative utviklinga i driftsinntektene skuldast først og fremst ein svært vanskeleg marknad for kvitfisk, og kraftig fall i prisane for torsk og hyse. Dermed er det underselskapet Domstein Fish og anlegget med 110 tilsette på Trollebø i Vågsøy som slit.

No skal pengane styrke arbeidskapitalen.

- Det gjer at vi ikkje treng å fornye så stor del av låna våre kortsiktig kvart år.

Men trass lån frå Innovasjon Norge er ikkje arbeidsplassane på anlegget på Trollebø sikra.

- Det er klart at i enkelte av veksemdene våre er ikkje arbeidsplassane sikra før vi klarar å skape lønsemd, seier Domstein.

Kritikk til Regjeringa

Regjeringa har tidlegare fått kritikk for ikkje stille opp for fiskerinæringa i desse krisetidene. Men statsminister Stoltenberg avviser at det er på grunn av desse klagane at Innovasjon Norge kjem med ei hjelpande hand no.

- Det avgjerande er at Innovasjon Norge gjer jobben sin og sørgjer for at norske verksemder som Domstein i dette tilfellet får pengar slik at dei kan sikre arbeidsplassar og utvikle seg. Og dermed skape enda større verdiar, seier statsministeren.