Hopp til innhold

Krevjande møte med åstaden for den tiltalte etter rulleski-ulukka

For eit år sidan køyrde han på ein rulleskiløpar som døydde av skadane. I dag var mannen tilbake på staden der den tragiske ulukka skjedde.

Synfaring Klavelandet

FEKK FRAM DETALJAR: F.v. Tingrettsdomar Ida Kristin Bøen, bistandsadvokat Maria Kirkeeide Ravnå, meddomar Magnus Harald Løvik, meddomar Eva Hove Sæterdal, kriminalteknikar Jan Bjarte Skrøppa og aktor Katrine Trønsdal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ein sterkt prega mann fortalde dommarar, aktor og andre om korleis han opplevde den skjebnesvangre kvelden i november 2012.

Han var på veg ut til Florø då han alt for seint blei merksam på rulleskiløparen. Mørkeret og møtande trafikk gjorde situasjonen uoversiktleg. 51-åringen på rulleski døydde av skadane etter påkøyrsla.

– Eg har vanskeleg for å sjå kva eg kunne gjort annleis, sa den tiltalte i retten. I dag måtte han forklare seg på nytt om den tragiske hendinga for over eit år sidan.

– Tøft og krevjande

– Det har vore tøft og krevjande at det har gått så lang tid. Han har jo tenkt på denne saka sidan ulukka skjedde, seier mannen sin forsvarar, Jan Nikolai Hvidsten til NRK.no.

Ulasteleg kledd i skjorte og slips, forklarte den tiltalte seg nøye for dei frammøtte på ulukkesstaden på Klavelandet.

Han følgde nøye med då politiet synte retten kvar dei meinte at rulleskiløparen blei treft, og svarte tydeleg på spørsmåla han fekk.

Synfaring ulukke

FEKK INFORMASJON: Etterforskingsleiar Kjell Magne Barsnes leia arbeidet med synfaringa på Klavelandet i dag. T.h. forsvarar Jan Nikolai Hvidsten.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK


Vonar ein kjem nærare eit svar

– Han hadde sjølvsagt vona at det ikkje skulle bli noko sak, men har heile tida vore budd på dette, seier forsvarar Hvidsten.

Han har også fleire gonger tidlegare gått gjennom alt av etterforskingsmateriale saman med klienten sin, men han reknar ikkje med at ein nokon gong vil få svar på alle detaljar om det som hende.

– Men ein har vonleg kome noko nærare for retten sin del, seier Hvidsten om synfaringa på riksveg 5 onsdag føremiddag.

– Naudsynt med sak

Aktor i saka, politiadvokat Katrine Trønsdal, forstår at den tiltalte føler at det er tungt å vente lenge før saka kjem opp for retten.

Men ho meiner at det var ei korrekt avgjersle å ta ut tiltale etter dødsulukka.

– Det var naudsynt, all den stund ein meiner at det ligg føre eit brot på vegtrafikklova. Så då var ein tiltale det rette, slår Trønsdal fast.