Hopp til innhold

Krev kommunesenteret – brot i forhandlingane

Det er brot i forhandlingane mellom Selje og Vågsøy. Selje krev å få behalde kommunesenteret i ein ny kommune. Ordføraren er lei av sentraliseringa.

Selje

SELJE: Selje er kommunesenter i Selje kommune i dag, den statusen vil ordføraren ikkje gi slepp på.

Foto: Thomas Hagen

– Vi høyrer retorikken i alle omorganiseringar i statlege etatar, at det skal vere større robustheit og nærare fagmiljø. Slikt gjer at vi i Selje opplev at den eine etaten etter den andre legg ned, og flyttar til Måløy. Skal vi ha det på same måten når det gjeld kommunesenter blir Selje tappa for kompetansearbeidsplassar, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF)

Stein Robert Osdal

VIL TENKE NYTT: Stein Robert Osdal (Krf) seier Selje alt har sagt nei ein gong til å slå seg saman med Vågsøy, og meiner det må kome noko nytt om innbyggarane skal skifte meining.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I føremiddag har Selje og Vågsøy vore i forhandlingar om ny storkommune på kysten. Forhandlingane er komne i stand etter at fylkesmann Anne Karin Hamre har kome med framlegg om å tvangsamanslå dei to kommunane.

– Radikalt nytt og spennande

Men forhandlingane stranda klokka 12 i dag, årsaka er at Selje krev å få kommunesenteret i den nye kommunen, med tenestefunksjonar lagt til Måløy. Vågsøy krev derimot kommunesenteret og nokre tenestefunksjonar lagt til Selje, seier ordføraren.

– No har vi moglegheit til å tenke radikalt nytt og spennande og demme opp for den sentraliseringa som skjer, seier Stein Robert Osdal.

Måløy

MÅLØY: Måløy er kommunesenteret i Vågsøy, ei kommune med meir enn dobbelt så mange innbyggarar.

Foto: Thomas Hagen

- Vil ikkje kalle det brot

Medan Osdal seier det er brot i forhandlingane, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (AP) at ho ikkje er sikker på at ho vil kalle det for brot.

Kristin Maurstad

-VANSKELEG: Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad (Ap) trur det kan bli vanskeleg å akseptere Selje som kommunesenter.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg trur nok det er litt tungt å svelge for formannskapet at kommunesenteret skal ligge i Selje, men vi har respekt for Selje sitt syn, seier Maurstad.

Kristin Maurstad skal no møte formannskapet i ettermiddag, og drøfte vegen vidare.

– Vårt vedtak om å søke kommunesamanslåing handla om å styrke kysten, og bygge opp om ein av dei to kystbyane vi har i Sogn og Fjordane. Dette kan gjere prosessen noko vanskeleg.seier ho.

Må drøfte vegen vidare

Dei to ordførarane har no avslutta forhandlingane, som altså enda i havari. Spørsmålet er om lokalpolitikarane er viljuge til å fire på krava.

– No må vi tilbake til formannskap og kommunestyra våre som må diskutere vegen vidare, for slik det er no er det ikkje rom for vidare samtalar. seier Osdal.

– Om vi ikkje kjem fram til ein avtale, så får vi berre vente og sjå kva Stortinget eventuelt gjer neste sommar, seier Maurstad.