Hopp til innhold

Krev helsesjekk etter utslepp

Partiet Raudt vil at folk i Høyanger skal få svar på om dei kan få helseplager etter kvikksølvutsleppa frå Eras Metall.

Eras Metall i Høyanger.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eras Metall i Høyanger er stengd av SFT etter store utslepp av kvikksølv.

Partiet Raudt i Høyanger vil at det vert gjort helse og miljøundersøkingar etter kvikksølvutsleppa i bygda.

Folk i faresona

- Vi ynskjer det same som dei fleste i Høyanger, at det vert teke prøver av dei som eventuelt er i faresona for å ha fått i seg kvikksølv, seier Ottar Uglum i partiet Raudt.

Eras Metall i Høyanger har løyve til å sleppe ut eitt kilo kvikksølv i året, men utsleppa kan ha vore så store som 55 kilo det siste året.

I følgje Uglum vil mange i bygda vil ha svar på om dei er blitt utsett for noko farleg.

- Folk ynskjer å få vite om dette kan få konsekvensar for dei på kort eller lang sikt, seier han.

- Skremmer opp folk

Ordførar i Høyanger Kjartan meiner utspelet til Raudt skremer opp folk. Han seier det er fagfolk frå staten og kommunen som må ta stilling til helsefaren.

- Vi har andre organ enn Raudt som tek stilling til kor vidt det skal vere ei helseunderøkjing.