Hopp til innhold

Tre unge menn sikta for valdtekt av ung kvinne

Politiet vil halde på mennene som er sikta for valdtekt av ei ung kvinne i Stad kommune.

politihuset i Førde

Politiet i Sogn og Fjordane har sikta tre unge menn for valdtekt av ei ung kvinne i Nordfjord.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Mennene, som politiet skildrar som unge, blir framstilt for ny fengsling i løpet av neste veke.

Dei tre er sikta for valdtekt av ei ung kvinne siste helga i januar. Mennene vart etter pågripinga fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.

To av mennene blir framstilte måndag, medan den siste blir framstilt for fengsling torsdag.

Askel Rødland

Askel Rødland er straffesaksansvarleg for politiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det er uvisst kor lang fengslingsperiode politiet vil be om.

– Politiet er av den oppfatning av at vi har behov for å be om ytterlegare fengsling fordi det står att etterforskingsoppgåver som er sentrale for bevissituasjonen, seier straffesaksansvarleg for politiet i Sogn og Fjordane, Askel Rødland.

Motset seg fengsling

Advokat Ivar Eivind Hauge forsvarer ein av dei to som blir framstilte for fengsling.

– Min klient motset seg at det er grunnlag for vidare fengsling, seier han.

Det same gjer Paul-Inge Angelshaug, som forsvarer mannen som skal framstillast torsdag.

– Vi møter i retten, men vil hevde at det ikkje er grunnlag for vidare fengsling.

Begge mennene har forklart seg for politiet, men forsvararane vil ikkje gå inn på kva som har kome fram i avhøyr. Førebels vil dei heller ikkje kommentere spørsmålet om straffeskuld.

– Min klient erkjenner ikkje straffskuld, og motset seg forlenga varetektsfengsling, seier Ivar Blikra, forsvararen til den siste sikta.

Klausulerte dokument

Dokumenta i saka er klausulerte.

I politiet har Rødland vore, og framleis er, sparsam med opplysningar om saka.

Heller ikkje han vil gå inn på kva som har kome fram i avhøyr og gjennom etterforskinga.

– Eg har ikkje lyst til å gå inn på noko knytt til det som kjem fram i forklaringa til dei sikta, seier han.

– Kva relasjon er det mellom dei fire involverte?

– Det er del av etterforskinga vi gjer. Av omsyn til etterforskinga og objektiviteten i den, ynskjer vi ikkje å kommentere relasjonar mellom dei ulike partane.

Politiet har gjort krimtekniske undersøkingar og undersøkjer digitale einingar. Dei har også gjennomført eit stort tal vitneavhøyr.

– Framover vil vi halde fram med å hente inn bevis og gå gjennom spora som vi har henta inn, seier Rødland.