Hopp til innhold

Trur at tiltala vert frikjend

Louis Anda, forsvarar for rektoren frå Sogn som er tiltala for å ha lasta ned overgrerpsbilete av mindreårige, trur no at mannen vert frikjend.

Louis Anda og Knut Broberg

ENDRA SEG: Saka mot skulerektoren i Sogn har endra seg denne veka. Torsdag la aktor Knut Broberg (t.h.) ned påstand om fengsel i 21 dagar på vilkår.

Foto: Geir Bjarte Hjetland (MMS-foto) / NRK

Tidlegare i dag erkjende aktor Knut Broberg at saka var mindre enn han såg føre seg, men la ned påstand om fengsel i 21 dagar på vilkår for den tiltalte rektoren.

Rektoren var i utgangspunktet tiltalt for å ha lasta ned 350 pornografiske bilete av born, men dette talet er i løpet av rettssaka komen ned i mellom 20 og 40 bilete i tillegg til såkalla thumbs.

– Lang tid

Då aktor la ned påstand om fengsel på vilkår i 21 dagar torsdag, erkjende han også at saka burde vore oppe eit halvt år tidlegare, skriv Sogn Avis.

– To år er lang tid og ei belasting for alle involverte, også for den tiltala. Dette har direkte konsekvensar for val av reaksjon, sa Knut Broberg.

– Uskuldig

Forsvarar Louis Anda meiner at hans klient er heilt uskuldig, og såleis ikkje må straffast.

– Saka fekk jo ei stor forandring i dag, først og fremst fordi påtalemakta lot det koke ned til mellom 15 og 20 bilete. Tiltalen innheldt jo at det var snakk om minst 350 bilete, så tiltalen blei jo kraftig endra og saka fekk jo i og for seg ei ganske dramatisk vending, seier Anda til NRK.


Mindre enn dei såg føre seg

Det har gått to år sidan mannen vart arrestert, mistenkt for å ha lasta ned overgrepsbilete av mindreårige på ei datamaskin.

Saka skulle etter planen opp i juni i fjor, men har blitt utsett ei rekkje gonger. Dette har både forsvarar og den tiltalte rektoren kritisert politiet før. Rektoren har heile tida nekta straffskuld i saka som starta måndag.

– Men saka står fram som mindre enn det eg såg føre me då eg tok på meg aktoratet, sa Broberg ifølgje Sogn Avis.