Me et om lag 15 kilo meir frukt, grønt, bær og poteter per person no enn i år 2000. For å møta den veksten, har me måtta importera meir frå utlandet.
– Me vil jo at den auken skal vera norsk frukt og grønt. Då trengst det ekstraordinære tiltak for at me skal klara det, seier Harald Blaaflat Mundal, fruktbonde og dagleg leiar i Lærdal Grønt.
Det nærmar seg årets jordbruksoppgjer. No ønskjer grøntprodusentane seg ein større del av kaka enn dei har fått før.
Klima og teknologi
I eit innspel til jordbruksforhandlingane ber Gartnerhallen, den største frukt- og grønt-aktøren i Noreg, om at staten set av 200 millionar kroner i året til næringa dei neste fem åra.
Pengane skal brukast til å auka produksjonen av norske frukt, bær, grønsaker og poteter gjennom eit vekst- og innovasjonsprogram.
Elisabeth Morthen, administrerande direktør i Gartnerhallen, skisserer fire område dei vil pengane skal brukast på:
- Klimatilpassing: – Me ønskjer å vera betre rusta mot ekstremvêr og varige endringar i klima. Det er vel å bra med krisepakkar etter slik som til i sommar. Men me vil gjera landbruket meir robust mot slikt vêr i framtida, seier Morthen.
- Investering i ny teknologi: – Det er veldig mange moglegheiter som bør takast i bruk, fortel ho.
- Investering i veksthus: – Med fleire og større veksthus kan sesongen utvidast. Dessutan vil ein få meir klima- og energieffektiv drift.
- Nye sortar: Dei ønskjer at det blir dyrka nye frukter og grønsaker i Noreg, som til dømes søtpotet. – Men også nye sortar av det me allereie dyrkar. Å testa nye kulturar og sortar er langsame prosessar som kostar mykje, fortel Morthen.
Veldig vêravhengige
GRØNT-SJEF I LÆRDAL: Harald Blaaflat Mundal.
Foto: Sondre Dalaker / NRK– Det er lettare å satsa sparepengane sine på å prøva nye ting om ein har litt støtte i ryggen, seier Mundal, der han står mellom morelltrea i Lærdal.
Det er frå potten med pengar til utvikling og investering dei ønskjer å henta pengane. Kravet på 200 millionar i året er nesten ein tredel av pengane som var i den potten i fjor. Til samanlikning fekk dei i 2017 litt over 50 millionar kroner av dei pengane.
– Frukt og grønt er kanskje det mest vêrsensitive som er. Risikoen er høg, denne satsinga vil bidra til å redusera den risikoen.
– Lettare å prioritera grøntnæringa
Det er Bondelaget og Norsk Bonde- og Småbrukarlag som skal forhandla med staten om jordbruksoppgjeret. Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag, tykkjer innspelet er positivt.
BONDELEIAR: Anders Felde er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.
Foto: Benedikte Grov / NRK– Det vil gi eit meir klimatilpassa landbruk, samstundes som me aukar produksjonen av norsk mat. Det er positivt, seier han.
– Men om frukt- og grøntnæringa skal få meir, då må vel nokon andre i landbruket få mindre?
– Det blir ei vanskeleg avveging. Men me må løfta dei produksjonane der me importerer for mykje. Sånn sett er det enklare å prioritera grøntnæringa, enn til dømes gris, egg og sau, der det til dels er overproduksjon, seier Felde.