Hopp til innhold

Krev bevis frå alle flypassasjerar

No må alle flypassasjerar i Norge bevisa at dei har billett for å få gå gjennom sikkerheitskontrollen.

Billettkontroll Flesland

Passasjerane på Flesland får informasjon om dei nye reglane som gjeld frå i dag.

Foto: Linda Ekeland / NRK

Frå og med i dag må alle som skal fly frå norske flyplassar visa fram bevis for at dei har billett.

Nye EU-reglar

Bakgrunnen for den nye kontrollen er eit nytt EU-regelverk som Luftfartstilsynet har innført i Norge, opplyser Avinor på sine nettsider.

Passasjerane må visa billetten eller annan godkjent dokumentasjon ved eit kontrollpunkt før dei går gjennom sikkerheitskontrollen.

Lasse Solberg

Sikkerheitssjef Lasse Solberg på Flesland seier folk har vore flinke til å dokumentera flyreisene sine.

Foto: Ingrid Losnegaard / NRK

Dette er ifølgje Avinor godkjend som bevis:

  • Ombordstigningskort /boardingkort
  • Utskrift av elektronisk billett med dato for reise og navn på reisande
  • SMS med dato for reise og navn på reisande
  • Elektronisk kort som kan lesast i kortlesar der dette er installert

Kø i dag tidleg

På Bergen Lufthavn Flesland har kontrollen gått greit, unntatt ein kort periode i dag tidleg.

– Det var kø eit kvarters tid i dag tidleg. Vi skal evaluera dette og sjå om vi må gjera endringar for å få det til å flyta betre, seier sikkerheitssjef Lasse Solberg på Flesland.

Av alle passasjerane på Flesland i dag tidleg var det berre to som ikkje kunne legga fram nødvendig dokumentasjon.

– Folk har vore veldig flinke, seier Solberg.

Ifølgje Avinor har billettkontrollen gått greit ved dei andre større flyplassane i landet.

Billettkontroll Flesland

Det var lite køar på Flesland, unntatt ein kort periode i dag tidleg.

Foto: Linda Ekeland / NRK