Det vekkjer sterke reaksjoner at eit kjøpesenter i Fjell tar betaling for at partia skal få stå på politiske stands. Ågotnes Torg tilbyr partia å marknadsføra seg sjølv på kjøpesenteret mot at dei betaler 1000 kroner.
Småparti har ikkje råd
Fleire små parti har dermed ikkje råd til å servera den poitiske bodskapen til dei handlande, seier ordførarkandidaten for Arbeidarpartiet i Fjell, Marianne Bjorøy, til NRK.
– Eg syns dette er veldig betenkjeleg. Dei som har pengar kan betala, og dei minste partia får ikkje høve til å visa fram sin politikk, seier Bjorøy.
Valforskar Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen, som er kjent for å finna ord for det meste, er i harnisk over at dei minste partia i praksis blir utestengde.
– Udemokratisk
– Dette er så gjennomført udemokratisk at eg nesten ikkje har ord for det. Det opprører meg inderleg som demokrat og som opptatt av å få høg valdeltaking. Ein eller annan forretningsmann skal ikkje få driva sensur, tordnar Aarebrot.
-Dei små partia bør stilla, og sjå om kjøpesenteret vågar å senda politiet for å kasta dei ut, meiner valforskaren.
Øystein Ingdahl, som er informasjonssjef i Handels- og servicenæringens Hovudorganisasjon, har ingen innvendingar mot ordninga.
– Vi meiner dette må vera heilt opp til kvar butikk eller kjøpesenter å avgjera, seier Ingdahl.
Ågotnes Torg har ikkje gitt tilbakemelding på våre spørsmål omkring ordninga med betaling.