Hopp til innhold

Andre pasientar får svi for regjeringa sin kreftgaranti

Kreftgaranti gjer at pasientar med kroniske tarmsjukdommar må venta opptil eit halvt år lengre på kontroll. Det kan føra til at kreft ikkje vert oppdaga i tide.

Stavanger Universitetssjukehus og Haukeland universitetssjukehus

SPRENGD KAPASITET: Både ved Stavanger universitetssjukehus og Haukeland universitetssjukehus i Bergen må pasientar med kroniske tarmsjukdommar venta lengre enn før kreftgarantien.

Foto: NRK

Statsminister Jens Stoltenberg

KREFTGARANTI: Statsminister Jens Stoltenberg då han presenterte kreftgarantien til Regjeringa.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Sommaren 2011 lanserte regjeringa den mykje omtalte kreftgarantien. Pasientar med kreft skulle få behandling innan 20 dagar etter at dei fekk diagnosen.

Eit tilsyn ved dei fire største sjukehusa i Helse Vest har no avdekka at prioriteringa av kreftpasientane går ut over andre pasientgrupper.

– Garantien har ført til ei omprioritering og sjukehusa har skyve på kontrollane av kronikarane. Dette meiner me er ein uheldig konsekvens av ordninga og viktig å seia ifrå om, seier fylkeslege i Hordaland Helga Arianson.

Dette gjeld mellom anna grupper som har auka risiko for tarmkreft.

– Kapasiteten er sprengd

Ifølgje dei tre fylkeslegane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland har kreftgarantien ført til at pasientar med kroniske tarmsjukdommar må venta opp til eit halvt år lengre på kontroll.

– Dette er pasientgrupper som ofte er dårlege, og det kan vera ei stor påkjenning og redusera livskvaliteten til dei det gjeld, seier Arianson.

Det er kapasiteten for såkalla koloskopi som er sprengd. Koloskopi er ei undersøking med ein fiberoptisk slange som vert ført inn i tarmen.

«Dette kan innebere at mistanke om kreft ikkje vert fanga opp så tidleg som før, med påfølgjande risiko for tap av diagnose», skriv fylkeslegane i tilsynsrapporten.

– Slik behovet er, meiner me at kapasiteten for koloskopi må aukast, seier Arianson. Ho understrekar at det har vore riktig av sjukehusa å prioritera kreftpasientane.

Størst problem i dei største byane

Fylkeslege Helga Arianson

ALVORLEG: Fylkeslege i Hordaland Helga Arianson meiner kapasiteten er for dårleg.

Foto: Kristian Ervik / NRK

Særleg ved Haukeland universitetssjukehus og Stavanger universitetssjukehus er kapasiteten for liten samanlikna med behovet. Men òg i Førde og i Haugesund er det utfordringar.

– Kapasiteten er knapp ved alle dei fire sjukehusa, og me har ikkje grunnlag for å tru at dette er noko som er spesielt for Vestlandet, seier Arianson.

Fylkeslegane meiner og at samarbeidet med private tilbydarar av koloskopi bør styrkast og settast i system.

Vurderer kvart tilfelle

Haukeland universitetssjukehus er enig i at det Fylkeslegen påpeikar er ei utfordring.

Men sjukehuset understrekar at dei vurderer kvart enkelt tilfelle når pasientar blir henvist til dei.

– Behandlingsgarantien fører til at vi må prioritera, men vi vurderer alvorlighetsgraden i kvart tilfelle, seier avdelingssjef Janiche Merete Buanes Heltne på Haukeland til NRK.no.

Ho seier sjukehuset prøver å utnytta ledig kapasitet ved andre sjukehus i regionen og hos private, for at pasientar ikkje skal måtta venta for lenge.