Hopp til innhold

Krangel om kandidat til Helse Førde

Det er bråk rundt kven som skal ta over som styremedlem i Helse Førde etter Kjell Opseth.

Norvall Nøringset.

Norvall Nøringset slår tilbake på Jorunn Eide Kirketeig.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Opseth trekte for nokre veker sidan i protest frå styret i Helse Førde. Etter det valde Førde-ordføraren Harry Mowatt som Førde som kandidat til å ta over. Utan noko politisk handsaming.

Kirketeig langar ut

Dette har ført Jorunn Eide Kirketeig i Førde Ap ut på krigsstien. Ho meiner prosessen har vore udemokratisk. Arbeidarpartiet har på si side funne sin eigen kandidat i Harald Bjarte Reite, som er nyvald lokallagsleiar i partiet og tidlegare styremedlem i Helse Førde.

- Eg held fast på at dette er ordføraren sin kandidat og ikkje Førde formannskap sin kandidat, seier ho.

- Ap si eiga skuld

Gruppeleiar Norvald Nøringset i SV slår derimot tilbake mot Eide og meiner Arbeidarpartiet har seg sjølv å takke for den uryddige prosessen.

- Det er dei som er skuld i at det kjem på ein slik måte. Er dei skuffa med Harry Mowatt eller slike ting, så får dei seie det rett ut, rasar han og meiner at det med den korte tidsfristen var umogleg å få til ein ryddig prosess i saka.

Åleine om kritikk

Heller ikkje gruppeleiar Bjørn Harald Haugsvær frå Kristeleg folkeparti meiner deler Eide Kirketeig sin kritikk av ordføraren.

- Dette får ho ta på seg. Vi trur at han er ein god kandidat for å vere i styret i Helse Førde. Nils Gjerland avviser kritikken frå Eide Kirketeig.