Hopp til innhold

Kraftverk kan få utanlandske eigarar

Sognekraft vil selje seks småkraftprosjekt i Fjærland og to utbyggingar i Feios og Ofredal for å finansiere dei utbyggingane som selskapet står framfor.

Ofredalselvi med sag og renne

TIL SALS: Kraftverket som Sognekraft skal byggje i Ofredalselvi i Årdal er mellom dei som kan få utanlandsk eigar i 30 år. Vatnet i elva har i tidlegare tider drive eit sagbruk og kverna som vi ser på biletet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Selskapet har nyleg fått konsesjon til å byggje ut mellom anna Leikanger kraftverk. Administrerande direktør i selskapet, Terje Bakke Nævdal, seier dei i rundt ti år har arbeidd for å skaffe seg utbyggingsprosjekt.

– No har vi vore så heldige at vi har fått konsesjon på ein del utbyggingar, og det ser ut til at vi får konsesjon på dei andre prosjekta våre. Vi vil avlaste noko av denne aktiviteten med at vi mellombels sel kraftverk med vilkår om at vi kan kjøpe dei att om nokre år, når vi har god nok økonomi til å kjøpe dei.

Selskapet tenker seg at kraftverka dei sel vil vere på andre hender i 30 år. Sognekraft skal sjølv stå for utbygginga, så blir det andre eigarar som overtek når kraftverka tek til å produsere straum. Men Sognekraft skal stå for drifta heile tida.

Terje Bakke Nævdal

– MODERNE MÅTE Å FINANSIERE PÅ: Adm. dir. Terje Bakke Nævdal i Sognekraft.

Foto: Bjørn Bergum

– Den moderne løysinga

Bakke Nævdal meiner denne strategien er ein ny og moderne måte å skaffe pengar til kraftutbygging på.

– Historisk sett har ein finansiert kraftutbygging ved å selje kraftproduksjonen i 20 til 25 år. Den moderne løysinga er å finne kjøparar til anlegga og som ber risikoen dei første tiåra, med ein klausul om at vi kan kjøpe dei att seinare.

Han presiserer at Sognekraft ikkje kjem til å selje alle kraftverka dei no skal byggje ut. Det handlar om seks småkraftverk i Fjærland i Sogndal kommune og om to litt større kraftverk i Feios i Vik kommune og indre Ofredal i Årdal kommune.

Internasjonal kapital

Terje Bakke Nævdal seier at leiinga i Sognekraft i to år har kartlagt kven som kan tenkjast å vere interessert i å eige kraftverka for ein periode.

– Vi er trygge på dei løysingane vi går ut med.

Og truleg kjem dei åtte kraftverka ikkje til å ha norske eigarar dei første 30 åra dei er i drift.

– Nei, det vil nok vere internasjonal kapital som vil ha størst betalingsvilje, slik vi ser det i dag.