Hopp til innhold

Kraftig og plutseleg auke i barnetalet i Stryn

Asylmottaket gjev ein boom i barne- og ungdomstalet i Stryn kommune. På førehand trudde ein det kom til å vere mange einslege menn blant asylsøkjarane, men no er talet på barnefamiliar langt høgare i Stryn enn ved andre mottak.

Her kjem dei 40 første asylsøkjarane

SPREIDD I HEILE KOMMUNEN: Dei 57 første asylsøkjarane i Stryn kommune er busett i Utvik, Innvik og Oppstryn.

Foto: Fotomontasje / NRK

– Vi har fått veldig mange barnefamiliar og veldig mange syrarar, seier regionleiar Ronja Trolie i Norsk Mottaksdrift.

Av dei 57 bebuarane på mottaket i dag, er det 23 barn. Snart kjem ytterlegare 35 asylsøkjarar. Alle er familiar, med til saman 14 barn.

Dermed er det mange elevar som får nye klassekameratar og mange grendeskular som får større klassar. For asylmottaket som opna i november desentralisert.

Kritikken har stilna

Leiinga av asylmottaket sit i Innvik, men bebuarane bur i husvære i Innvik, Utvik og Hjelledalen.

Ronja Trolie

UTVIDAR MOTTAKET: Regionleiar Ronja Trolie i Norsk Mottaksdrift må jakte på fleire husvære i Stryn. UDI har vedteke å auke kapasiteten til 180 bebuarar.

Foto: Petter Strøm / NRK

Både fleire barn og busettinga av dei er gunstig, seier rådmann Per Kristian Storevik.

– Frå kommunen si side ser vi på det som veldig bra. I grendene våre har vi rimeleg god kapasitet på skulane. Det kan faktisk føre til at vi får ein meirverdi på desse skulane ved at det kjem nye barn, seier Storevik.

Det mangla ikkje på skepsis og kritikk frå kommunen si side, før mottaket opna i november. No, to månader seinare, er situasjonen ein annan.

Rådmann Per Kristian Storevik i Brønnøy

POSITIV TIL BARNEFAMILIAR: Rådmann i Stryn Per Kristian Storevik treng truleg fleire lærarkrefter framover.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

– Så langt så har det gått veldig bra. Det har vel sin bakgrunn i at mottaket har handtert dette på ein god måte og dei som har vore involvert frå kommunen si side har takla dette på ein god måte, seier Storevik.

Utvidar mottaket

Kommunen var og skeptisk til om Norsk Mottaksdrift kom til å klare å skaffe nok husvære. Trolie sit no på 150 sengeplassar, ulike stadar i kommunen.

– Det har vore ein jamn pågang av folk som har kontakta oss og tilbydd både leilegheiter og hus. Vi opplever at veldig mange lokalsamfunn er utruleg positive og stiller opp for dei som vert busett, og det er vi veldig takknemlege for, seier Trolie.

Men Norsk Mottaksdrift må snart jakte på fleire husvære. Like før jul gav UDI beskjed om at dei utvidar mottaket, til 180 plassar. Det betyr tilsetting av ytterlegare eit årsverk til ved asylmottaket. Også kommunen må truleg auke bemanninga.

– Det er grunn til å tru at når barnetalet aukar så pass mykje som det ser ut til å gjere, så må vi rekruttere inn ekstra undervisingskrefter. Kor vidt det vert lett eller vanskeleg veit vi ikkje før vi har forsøkt, seier Storevik.