Hopp til innhold

Ingemund var på jobb i Nordsjøen under jordskjelvet: – Føltes som ei stor bølgje

Ingemund Steinsund skjønte ingenting då plattforma han jobba på begynte å vibrere. Årsaka var det kraftigaste jordskjelvet på 33 år.

Snorre B-plattformen

FLYTANDE: Ingemund Steinsund var på jobb her, på den flytande plattforma Snorre B, då jordskjelvet skjedde måndag morgon.

Foto: Øyvind Hagen / Equinor

Klokka 06.32 måndag morgon vart det registrert eit jordskjelv mellom Stad og Færøyane, 138 kilometer vest for Florø, i Nordsjøen.

Ingemund Steinsund var i ferd med å gå på jobb som dekksoperatør på plattforma Snorre B då skjelvet kom.

Det føltes som ei stor bølgje som kan treffa plattforma ved ekstremt uvêr, men me har godt vêr her, så eg fekk det ikkje til å stemma heilt, seier han.

Steinsund har jobba på plattform i nærare 20 år. Han har aldri opplevd liknande, og forstod ikkje at det var eit jordskjelv med det same.

Det var lyd og kraftig vibrasjon. Som ei skikkeleg vinterbølgje som slår inn mot riggen. Det føltes veldig kraftig i motsetnad til på land. Me er jo på ei flytande plattform.

– Det var eit uvanleg kraftig jordskjelv.

Dette er det kraftigaste skjelvet sidan 1989.

Forskingsstiftinga Norsar oppgjev at styrken på skjelvet er nedjustert til 4,7. Tidlegare meldte dei om 5,1.

– Det var eit uvanleg kraftig jordskjelv. Det vil kjennast i eit veldig stort område, seier Anne Strømmen Lycke, administrerande direktør ved Norsar.

Berit Marie Storheim, senioringeniør ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen, får litt lågare tal.

– Me får ein styrke på mellom 4,4 til 4,6, alt ettersom kva estimat me brukar, seier Berit Marie Storheim, senioringeniør ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen.

Skjelvet i 1989 vart målt til 5,1.

Stengde ned Snorre B

Sjølv om skjelvet har vore stort, frykta ikkje Lycke skadar eller tsunami som følgje av jordskjelvet.

– For å få ein tsunami eller flodbølgje, så må styrken vera nærare seks til sju. Plattformer og oljeinstallasjonar er godt dimensjonerte for dette, men eg vil tru at dei har kjent det godt, legg Lycke til.

Klokka 06.32 måndag morgon vart det registrert eit jordskjelv mellom Stad og Færøyane, 138 kilometer vest for Florø, i Nordsjøen.

Equinor meldte rett over klokka 8 at dei stengjer ned Snorre B-plattforma etter skjelvet som eit føre var-tiltak. Det fortel Gisle Ledel Johannessen i Equinor til NRK.

Dei har no hatt undervassrobotar (ROV) nede for å undersøka havbotnen. Der ser alt normalt ut.

Derfor er dei i gang med oppstart av produksjonen og skal tilbake i normal drift.

– Det er ikkje rapportert om skadar på installasjonen, og ikkje på havbotnen.

Equinor har handtert situasjonen heilt rett, meiner koordinerande hovudverneombod i Equinor Sokkel, Baste Daltveit. Han representerer alle dei fem fagforeiningane i Equinor.

– Equinor har gjort det dei kunne ved å stenga ned produksjonen ved Snorre B og undersøka for eventuelle øydeleggingar før dei starta produksjonen att, seier Daltveit.

– Dette er heilt i tråd med korleis ein skal agera.

Lars Ottermøller ved Norsk nasjonalt seismologisk nettverk, seier til NRK at så kraftige skjelv er sjeldne. Sjølv om dette området i Nordsjøen er ganske utsett for skjelv.

– Dette er faktisk eit område der det er ganske vanleg med jordskjelv. Men i denne styrken er det sjeldnare. Det skjer kanskje berre med ti til tjue års mellomrom, seier han.

Frykta for huset

Monika Hovland Berg frå Forus i Stavanger seier dette til NRK:

– Plutseleg så rista heile senga og huset og alt. Eg har tre hundar på soverommet som skvatt opp. Eg grabba hundane med meg og tok dei ut, for eg tenkte at no rasar huset saman, seier ho.

Monika Hovland Berg

REDD: Monika Hovland Berg frå Stavanger trudde heile huset skulle rasa saman.

Foto: Privat

Ho frykta rett og slett at huset skulle ryka.

– Eg skjelv enno. Det var ganske sterkt å oppleva dette, seier ho

– Høyrde rumling

Skjelvet var godt merkbart over heile Vestlandet. Heilt frå Egersund i sør til Møre og Romsdal i nord kjem det meldingar om at folk har kjent skjelvet.

06:53

Øystein:Trodde plutselig tørketrommelen gikk på av seg selv!!!

06:57

Monika:Hele huset ristet klokken 0630 på Forus. Huset er gammelt så jeg fryktet det skulle rase samnen, så jeg løp ut. Har det vært jordskjelv?

06:57

Eli:Det ristet og buldret i huset, trodde det var en lastebil med gravemaskin som kjørte forbi.

07:38

Anne-Britt:Det skaka også kraftig også i Etne i Vestland. Eg sat og broderte kvitsaum då det først kom eit lite drønn, etterfulgt i heile huset sekunder etterpå. Både eg og hunden vår "bjeffa" høgt og var redd her me sat i huset vårt.

08:16

Elisabeth:Kjente det godt på Voss, nærmere bestemt Bulken. Trudde fyrst det var eit helikopter som flaug altfor lågt. Eg vart litt skremt.

– Eg låg i senga og slumra, merka glasrutene klirra og det rumla ei god stund, trudde det var steinras, men tenkte òg på jordskjelv, skriv Haldis Kilen i Fortun i Vestland til NRK.

– Eg høyrde rumling, og det kjentest ut som om det stod ein lastebil utanfor huset, skriv Svein Erik Dyrseth på Averøy i Møre og Romsdal.

Det kjem òg meldingar frå Austlandet frå folk som har kjent skjelvet der òg.

Rune Johansen frå Kongsberg skriv følgjande til NRK:

– Eg sat ved bordet og kjente ei svak risting med ein slags durande lyd. Det vara i fire, fem sekund. Eg har aldri før vore så sikker på eit jordskjelv tidlegare, skriv han.

Per Olav Bakken, som bur i Hyggen i Asker, merka også skjelvet.

Også i Øvre Eiker i Viken skal folk ha kjent skjelvet.

– Det var svak risting og klirring i glas, heiter det i ein e-post til NRK.

Hei!

Har du video, lyd eller bilete av jordskjelvet? Send meg gjerne ein e-post!